Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Er du vår neste spesialist på reiselivsnæringa i Vestland? | Innovasjon Norge Vestland | Sogndal, Bergen | Fulltid |
Reiseliv er eitt av Innovasjon Norges fem satsingsområde. Vi ser no etter vår nye dedikerte rådgjevar på reiseliv i Vestland – Noregs største reiselivsfylke.
Du vil bli ein av Innovasjon Norge sine spesialistar på feltet, med ansvar for å utvikle og styrke reiselivsnæringa regionalt, og bidra inn i det viktige arbeidet som våre dyktige rådgjevarar gjer nasjonalt.
Du vil jobbe med strategisk utvikling av Vestland som reisemål, som blant anna inkluderer tett samarbeid med kollegaer som jobbar i ulike regionar i Noreg samt med reiselivsnæringa, fylket og oppdragsgjevar.
Arbeidsområde:
Din bakgrunn er frå reiselivet, og gjerne med brei kjennskap til omgjevnadane næringa opererer i - du har kanskje erfaring med verkemiddelapparatet, forstår drivkreftene i bransjen som skapar gode resultat og veit korleis det er å sitje på andre sida av bordet i møte med Innovasjon Norge. Du har gjerne relevant utdanning, men det er din totale kompetanse som blir vektlagt.
Du har eit stort engasjement for kundekontakt, og trivast i rolla som sparringspartnar; kva er behovet eller ideen til kunden? Kva er naturleg steg for kunden vidare? I denne delen av rolla er det essensielt med gode analytiske ferdigheiter.
Du blir motivert av ansvar, evner å drive arbeidet ditt framover, og trivst i ei nettverksbyggande rolle som krev robustheit i til dømes faglege fora. Du må kunne snakke og skrive godt på norsk og engelsk.
Til slutt: kvifor jobbe hos oss? Fordi rolla du går inn i vil vere utfordrande, spanande og eit viktig bidrag i Innovasjon Norges samfunnsoppdrag. Du vil bli del av eit engasjert og fagleg dyktig team, med eit stort nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hos oss vil du bli satsa på, og du vil ha gode høve til fagleg utvikling, blant anna gjennom 40 timar kvart år som er satt av til kompetanseutvikling. I tillegg har vi ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i Noreg.
Foto: Ivar_Østby_Simonsen