Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i engelsk

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Ledig mellombels stilling ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Høgskulen på Vestlandet Sogndal Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Erin Fausa Pettersen
951 43 100

Søknadsfrist

28. februar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling i 100% som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i engelsk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking og arbeidsstad er campus Sogndal. Oppstart i stillinga er 01.08.2022 eller etter nærmare avtale, og varar fram til 31.07.2023.

Arbeidsoppgåver

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil kunne vere knytt til grunnskulelærarutdanninga, årsstudium og innanfor etter og vidaretutdanning. Desentralisert undervisning og undervisning på nett høyrer óg med til arbeidsoppgåvene. Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.
  • Institusjonsbyggjande arbeid, fagadministrative oppgåver og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen

Kvalifikasjonskrav

Formell utdanning og kompetanse:
Kriteria for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.
For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar fullført doktorgrad i engelsk språk, engelskspråkleg litteratur/kultur eller engelsk fagdidaktikk.
For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, innanfor dei same fagområda som for førsteamanuensis.
For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, innanfor dei same fagområda som for førsteamanuensis.
Den som vert tilsett må kunne undervise i dei sentrale emna i utdanningane instituttet tilbyr, òg på nett. Den som vert tilsett må ha gode samarbeidsevner både innan institusjonen og med eksterne samarbeidspartnarar, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. God formidlingsevne og høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd. Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Undervisningsspråket er engelsk, og det vert kravd høg kompetanse i munnleg og skriftleg engelsk. Arbeids- og administrasjonsspråket ved HVL er norsk, og søkjaren må ha gode kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Fordjuping i engelsk språk
  • Brei undervisningserfaring frå grunnskulen, inkludert begynnaropplæring, og kjennskap til det norske skulesystemet
  • Undervisningserfaring, inkludert digital undervisning, frå lærarutdanning/høgare utdanning.
  • Erfaring med utvikling av varierte og studentaktive læringsformer
  • Erfaring med pedagogisk bruk av IKT


Det vert lagt vekt på relevant pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå undervisningsarbeid i grunnskule og lærarutdanning/høgare utdanning.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida


Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  1. Assisterande instituttleiar Tom Rune Kongelf, tlf.: 57 67 63 37 / 990 17 802, e-post: tom.rune.kongelf@hvl.no

  2. Fagkoordinator Monica Tove Vattedal, tlf.: 57 67 61 45, e-post: monica.tove.vattedal@hvl.no
Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde