Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Vestland fylkeskommune | Bergen | Fulltid |
Direktør for opplæring og kompetanse ser etter ein tydeleg, dyktig og motivert leiar med eit sterkt ønske og engasjement for å vidareutvikle Karriere Vestland til det beste for innbyggarane i Vestland.
Karriere Vestland gir tilbod om gratis og profesjonell karriererettleiing for vaksne og til nykomne flyktningar som kvalifiserer til introduksjonsprogram i kommunane i Vestland. Oppgåvene er forankra i opplæringslova og i integreringslova.
Karriere Vestland er eit kompetansesenter for karriererettleiing og har samarbeid med mange ulike interne og eksterne aktørar. Karriererettleiarane har i dag kontorstad i 6 kommunar: Alver, Bergen, Sogndal, Stad, Stord og Sunnfjord. Rettleiinga skjer både fysisk og digitalt.
Kontorstad for leiarstillinga er i Bergen.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.