Logistikkmedarbeidar Bilde

Logistikkmedarbeidar Medisinsk heimebehandling

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Logistikkmedarbeidar Helse Førde Sunnfjord Fulltid
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Seksjonsleiar Rune Kirkebø
(+47) 952 49 405

Søknadsfrist

2. mars 2025 Søk på stillinga her

Medisinsk heimebehandling (MEDHB) har ledig 70% fast stilling som logistikkmedarbeidar.

Medisinsk heimebehandling (MEDHB) er organisert som ein seksjon under Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) i Medisinsk klinikk.

Vi er eit tverrfagleg miljø på 10 personar som held til på sentralsjukehuset i Førde.

I Sogn og Fjordane er det omlag 7000 pasientar som får medisinsk heimebehandling. Seksjonen har som hovudoppgåve å koordinere heimebehandlinga, som ei forlenging av behandlinga i sjukehuset. Vi er samansett av roller som sakshandsamar, medisinsk teknisk, logistikk og transport, og jobbar tett med dei kliniske avdelingane i sjukehuset.

Helse Førde er i omstilling både innan areal, men også organisatorisk. Den som blir tilsett må vere innstilt på å delta i dei endringane som kjem

Arbeidsoppgåver

  • Materialplanlegging og lageradministrasjon
  • Bestilling av varer og oppfølging av leveransar
  • Varemottak og påfylling
  • Pakking og sending av medisinsk utstyr og materiell
  • Interntransport ved behov
  • Stillinga vil krevje kommunikasjon med helsepersonell og pasientar
  • Seksjonen er i omstilling og arbeidsoppgåvene kan bli endra

Kvalifikasjonar

  • Du har fagbrev innan logistikk, eventuelt kan annen relevant vidaregåande skule og erfaring kompensere for dette kravet
  • Du har sertifikat kl.B (personbil)
  • Du har sertifikat på kl C1 (liten lastebil), eller er villig å utvide til denne klassen
  • Du er godt vand med bruk av PC, og set deg lett inn i nye datasystem
  • Det kan vere nyttig å ha erfaring frå helsesektoren
  • Du har gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du jobbar sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • Du taklar eit tidvis høgt tempo
  • Du er god på kommunikasjon
  • Jobben inneber tidvis tunge løft
  • Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst i lønsgruppe 2/3
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til å delta i utvikling av den samla tenesta
  • Full opplæring i bruk av våre dataløysingar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.