Montør Bilde

Bli med å gjere kundane sin visjon til verkelegheit!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Montør Førde Sementvare AS Fulltid
Førde Sementvare AS Logo

Førde Sementvare AS

Sandbrekka 13
6813 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Knut Welle
954 73 366

Søknadsfrist

30. juni 2024 Søk på stillinga her

Ynskjer du å få æra av å fullføre verdikjeda vår med å sette saman betongelement til ferdige prosjekt? Førde Sementvare As er ein av dei leiande produsentane av betongelement i Vestland, og har eiga montasjeavdeling som no treng fleire på laget! Vi har eit dynamisk og fagleg sterkt team, og vi søker no etter fleire dyktig montørar som kan bli ein del av vårt voksande team.

Vi har heile landet som marknadsområdet – og stillinga gjev deg derfor moglegheit til å oppdage Noreg!

Stillinga vil gje deg:

  • Moglegheita til å montere bygningskomponentar og- struktur i henhald til tekningar og spesifikasjonar
  • Utføre oppgåver som armering/forskaling, støyping og fuging av element.
  • Ansvar for å utføre arbeid på byggeplassane i samsvar med HMS-reglar
  • Moglegheit til å samarbeide med andre faggrupper for å sikre effektiv gjennomføring av prosjekta
  • Ansvar for å sikre kvalitet og funksjonalitet
  • Variert arbeidskvardag, der du er tett på kunden og deira behov
  • Godt arbeidsmiljø i ei solid bedrift med god utvikling
  • Gode utviklingsmoglegheiter

Vi ser etter:

  • Deg med fagbrev innan forskalingssnikkar, betong- eller tømrarfaget, eller tilsvarande utdanning/erfaring
  • Gode kunnskapar til å lese og forstå tekniske teikningar
  • Det er positivt om du har montasjerelaterte kurs som t.d. personløftar, anhuker, U5, fallsikring, stillaskurs, førstehjelp eller arbeid nær veg.
  • Du må forstå og kunne snakke norsk
  • Deg med førarkort klasse B.
  • Deg som har rom for å vere fleksibel, og evna til å snu deg rundt.

Vi håpar denne traff deg – og at du vil vere med på laget!

Ring oss gjerne for ein prat!
Du når var avdelingsleiar Knut Welle på 954 73 366, eller vår daglege leiar Kristian Mannebrekke på 979 63 709.

Søknad med CV sendast til knut.welle@fsement.no

Kandidatar vil bli kontakta fortløpande, so dersom dette er ei stilling som er relevant for deg – søk i dag!

Søknadsfrist: 14.juni 2024

Førde Sementvare AS Kulturbilde