Bremanger kommune har ledig 100 % fast stilling som økonomikonsulent.
Stillinga er plassert i økonomiavdelinga, og arbeidsplass er rådhuset i Svelgen.
Økonomiavdelinga har ansvar for mellom anna budsjett, rekneskap, fakturering, innkrevjing, finansforvaltning og eigedomsskatt og er ein sentral støttefunksjon for dei sektorane og einingane i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming og oppfølging innan eigedomsskatteområdet
- Vederlagsberekning for omsorgssektoren
- Sakshandsaming, Husbank-ordningane
- Fakturering og innkreving
- Medansvar for å følgje opp og halde ved like økonomisystemet
- Medverke til kontinuerleg effektivisering av budsjett- og rekneskapsarbeidet
- Medverke til å utvikle og forbetre rutinar og reglement
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på minimum bachelornivå med hovudvekt på økonomi
- Godt språk, norsk både munnleg og skriftleg
- Gjerne erfaring frå økonomiarbeid i offentleg eller privat verksemd
Personlege eigenskapar
- Har evne til å organisere arbeidsoppgåvene og halde fristar
- Kan arbeide sjølvstendig og i team
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er nøyaktig og tek initiativ til forbetringsarbeid
Vi tilbyr
- Eit godt fag- og arbeidsmiljø med varierte oppgåver
- Løn etter kommunalt avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høve til kompetanseheving og vidareutvikling Bremanger har elles mange attraktive ordningar for nytilsette og tilflyttarar, sjå rekrutteringstiltak