Økonom/revisor fast stilling Stryn Bilde

PwC Stryn søkjer deg som vil bli verkeleg god i revisjon

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Økonom/revisor fast stilling Stryn PwC Stryn Fulltid

Ønskjer du å fordjupe deg i økonomifaget? Har du lyst å jobbe tett på eit spennande næringsliv kombinert med fagleg utvikling og kjekke kollegaer? Då kan du vere den vi ser etter!

Hos oss får du jobbe i eit leiande kompetansehus saman med teknologar, revisorar, rådgjevarar og advokatar. Vi veit at det er menneska som gjer forskjellen. Trivst du med å løyse problem, på lag med ekspertar som gjer kvarandre betre? I eit miljø skapt for utvikling, der ein er på sitt beste når ein har det gøy! Då er PwC staden for deg.

Vi treng deg som er god på samhandling, er nyskapande, tenkjer ulikt og har hjartet på rett plass. Hos oss får du vekse fagleg og personleg i eit miljø som verkeleg er skapt for utvikling – der vi heiar på deg og på dine mål.

Som revisor hos PwC Stryn vil du få moglegheita til å jobbe både sjølvstendig med din eigen kundeportefølje og som ein del av våre større revisjonsteam. Du får jobbe tett på næringslivet, i eit område med mange spennande lokale og nasjonale selskap.

I rolla blir du ein verdifull rådgjevar for dine kundar, der du gir bistand i avgifts- og rekneskapsmessige spørsmål. Du vil leie heile revisjonsprosessen, frå planlegging og gjennomføring til rapportering saman med dyktige kollegaer– revisjon frå A til Å!

Er dette deg?

Vi ser etter deg som har relevant bachelor innan økonomi og rekneskap og noen års erfaring innan revisjon, rekneskap eller liknande roller. Vi ønskjer ein kollega som har integritet og som bryr seg om andre. Vi ønskjer at du har god forståing for økonomiske og teknologiske fag og i tillegg har velutvikla analytiske eigenskapar, og kan setje deg inn i komplekse problemstillingar på kort tid. Har du i tillegg gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter, så håpar vi at du vil leggje igjen ein søknad hos oss.

Fire gode grunner til å velje PwC

  • Eit miljø skapt for utvikling: Vi veit at den rette miksen av læring, coaching, og ikkje minst meiningsfulle oppgåver, vil bidra til at du utviklar deg og når dine karrieremål. I PwC får du derfor din eigen dedikerte karriererettleiar (eller Career Coach som vi kallar det) som har ansvar for å følgje opp din personlege og faglege utvikling. Vi har også eit solid leiarutviklingsprogram for alle i PwC.
  • Eit sterkt fagleg fellesskap: Du blir ein del av eit stort og spennande fagmiljø med over 2600 kollegaer på tvers av lokasjonar og fagområde som utfordrar og gjer kvarandre betre.
  • Ein gjeng som verkeleg har det gøy saman, på og utanfor jobb. Stryn er kjend som festivalbygda: Året rundt er det festivalar, konsertar og arrangement med stor breidde, mange tilreisande og stor deltaking. Hos oss, og i vårt område, vil du aldri kjede deg!
  • Eit trygt og fleksibelt arbeidsmiljø: Vi set folka våre først, og som arbeidsgjevar er vi opptekne av å ivareta deg og dine behov. Derfor har vi gode vilkår, blant anna forsikringar, treningsstøtte, støtte til psykolog/kiropraktor/fysioterapeut, og vi har sommartid frå juni-august med 7 timars arbeidsdagar. Vi har også ulike tilretteleggingsløysingar i samband med foreldrepermisjon, for eksempel jobbe 80% med 100% lønn første månad etter foreldrepermisjon.

Praktisk informasjon

Meld inn din interesse innen søndag 27. oktober ved å laste opp CV, vitnemål og noen ord om hvorfor du er motivert for PwC. Vi oppfordrer deg til å søke med en gang da vi behandler søkere fortløpende. Har du noen spørsmål knyttet til stillingen, er det bare å ta kontakt med Emil Solheim på tlf 917 41 367 eller e-post emil.solheim@pwc.com.

Er du nyutdanna? Då har vi ein heilt eigen stilling for akkurat deg. Sjekk ut våre karrieresider her. Søknadsfrist søndag 13. oktober.

PwC i Nordvest arbeidar målretta med å bygge lokal kompetanse, vi har eit hyggeleg miljø og mange ulike tjenester og fagfelt du kan bli en del av. Hos oss i Stryn vert du ein del av PwC Nordvest og med rundt 110 tilsette ved ulike kontor i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Du vert kollega med tilsette på rådgjeving og advokatfirmaet PwC og får såleis jobbe i eit tverrfaleg og spennande fagmiljø. Vi ser etter kandidater som ønskjer å utvikle karriera si i ein region som tilbyr det beste av både arbeid og fritid. Det vil og vere mogleg med oppstart på våre to andre kontor i Nordfjord (Sandane og Måløy) for den rette kandidaten.

*I henhold til GDPR bes du søke via systemet, og ikke direkte til kontaktpersonen (e) oppført i denne annonsen.

*Til informasjon gjennomfører PwC bakgrunnssjekk av alle som signerer arbeidsavtale med oss

PwC Kulturbilde