Fjord1 AS Hovedbilde

Er du klar for ei leiande rolle i eit framtidsretta selskap?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Operativ leiar Fjord1 AS Kinn Fulltid
Fjord1 AS Logo

Fjord1 AS

Strandavegen 15
6900 Florø
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jan Petter J. Thomsen, regionsleiar 
+47 95265833

Søknadsfrist

28. juni 2024 Søk på stillinga her

Har du evne til å begeistre og leie andre? Då vil vi høyre frå deg!

Kanskje veit du allereie ein del om Fjord1? Vi er jo faktisk blitt 166 år, men har aldri stått lengre frå pensjonstilværelsen! Vi kan skilte med å være ein verdsleiande pioner innan det grøne skifte, der halvparten av våre fartøy er elektriske. Snart skal vi også i gong med å utvikle verdas første sjølvgåande ferjer. Vi tør påstå at vi er både moderne, innovative, framtidsretta og langt frå kjedelege. Visjonen vår er å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og oppretthalde ein leiande posisjon i den maritime næringa også i framtida!

På grunn av aukande arbeidsmengde, og nye spennande oppdrag trenger vi no operativ leiar ved driftsavdelinga vår i Florø.

Som operativ leiar har du ansvaret for ei portefølje av fartøy som skal driftast best mogleg til ei kvar tid. Med deg på laget har du teknisk inspektør, bemanningskoordinator og skipsførarane på fartøya. Saman skal dykk skape dei gode resultata.

Du vil som operativ leiar ha personalansvar og moglegheit til å påverke, motivere og skape gode medarbeidaropplevingar. I Fjord1vil du også ta del i leiarutviklingsprogram, slik at du kan bli i betre stand til å skape resultat gjennom dine medarbeidarar. Våre tilsette er den viktigaste ressursen i selskapet, og det er viktig for oss at våre leiarar evnar å skape gode og tillitsfulle relasjonar til sine medarbeidarar. Du ser viktigheita av å gi tilbakemeldingar til dine kollega, og du ynskjer også å få tilbakemeldingar.

Sikkerheit må komme først og vere det viktigaste i alt vi gjer. Både tilsette og reisande skal kjenne seg tygge, slik at vi kan fortsette å knytte folk og lokalsamfunn saman. Som operativ leiar har du ansvar for HMS i di linje, og har ei viktig som rollemodell og kulturbyggjar i dette arbeidet.

Vi er også opptatt av at våre tilsette skal ha moglegheit til personleg og fagleg utvikling, og karrieremoglegheiter innan selskapet. Dette vil du som leiar følgje opp gjennom resultat og medarbeidarsamtalar.

I Fjord1 skal vi arbeide planmessig og strukturert, men skal du trivast i denne rolla må du også like ad-hoc prega oppgåver. Du må like at det er litt action i kvardagen, og ha evne til å snu deg rundt.

Vi har spennande utfordringar, og vi ser etter deg som vil vere med å finne løysingar.

Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dagleg drift av fartøy
  • Personalansvar for administrativt og maritimt personell
  • Budsjett- og resultatansvar
  • Linjeansvarleg for HMS
  • Driftsvakt

Ønska kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning. Bred og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Erfaring innan drift og prosjektleiing vil bli særleg vektlagt
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk
  • Gode IT kunnskaper og systemforståing

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar - evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
  • Motivert, engasjert og initiativrik
  • Strukturert og systematisk arbeidsform
  • Proaktiv, resultatorientert og fleksibel
  • Evne til å arbeide i team, men også sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Ei engasjerande, utfordrande og sjølvstendig stilling
  • Eit arbeidsmiljø prega av entusiasme og arbeidsglede
  • Dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
  • Fleksible arbeidsordningar
  • Moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
  • Gode velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Strandavegen 15
6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4824916209
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2024

Fjord1 AS Kulturbilde