Ny spennande stilling innan fornybar energi

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Organisasjons- og forretningsutviklar / Rådgjever - Leiarstøtte og administrasjon Sygnir AS Fulltid
Sygnir AS Logo

Sygnir AS

Røysavegen 1
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Bjørn Carlsen
930 52 452

Søknadsfrist

1. august 2023 Søk på stillinga her

Nettselskapet Sygnir er ein del av Sognekraft-konsernet og består av 80 framoverlente og dyktige teknologar, ingeniørar og montørar. Me ønskjer no å styrke organisasjonen med ein administrativ ressurs som kan vera med å følge opp og utvikle organisasjonen. Me søkjer derfor etter

Organisasjons- og forretningsutviklar / Rådgjevar - Leiarstøtte og administrasjon

I denne stillinga skal du jobbe for god kommunikasjon og organisasjonsutvikling i Sygnir. Du vil arbeide med ulike prosessar, planer og strategiar, i tillegg til administrativt arbeid i dagleg drift. Du vil arbeide på tvers av heile Sygnir og opp mot Sognekraft-konsernet, og vil bli ein del av leiargruppa i Sygnir.

Arbeidsoppgåver

  • ansvar for å utføre leiande administrativt arbeid
  • vere bindeledd mellom avdelingar og jobbe for effektiv kommunikasjon og god samhandling i Sygnir og Sognekraft-konsernet
  • vere ein aktiv aktør i intern kommunikasjon og vidareutvikla ein god kultur
  • vere leiarstøtte og ein aktiv sparring-partner til konserndirektør og leiargruppa
  • utvikle strategisk retning for selskapet
  • pådrivar for intern utvikling, som interne analyser og benchmarking
  • identifisere og implementere tiltak innan arbeidsflyt, kommunikasjon, arbeidsprosessar og utføring

Kvalifikasjonar

  • relevant erfaring og høgare utdanning. Me er open for ulik bakgrunn
  • god på samhandling og samordning, og god i dialog med andre
  • er ein initiativtakar
  • evner å ha eit overordna blikk og sjå løysingar
  • god i norsk skriftleg og munnleg formidling
  • førarkort kl. B

Du forstår leiarrolla og byggjer tillit med dei rundt deg i organisasjonen. Du likar å kommunisere og etablerer gode relasjonar for nyskapande arbeidsmiljø. Du har ein positiv innstilling og god gjennomføringsevne.

Hjå oss møter du engasjerte medarbeidarar som jobbar for høg fagleg kvalitet og godt arbeidsmiljø. Me garanterer ein travel, spennande og lærerik arbeidsdag

Ta kontakt med konserndirektør nett Bjørn Carlsen på tlf. 930 52 452 om du har spørsmål.

Kontorstad på ein av våre lokasjonar Lærdal, Aurland, Sogndal, Balestrand og Vik.

Vi ynskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.