Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Postdoktor innan bevegelse, leik og utforsking i barnehagen - MoveEarly

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Bergen Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Erin Fausa Pettersen
951 43 100

Søknadsfrist

21. mai 2023 Søk på stillinga her

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 120 ansatte i Sogndal, Bergen og på Stord.

Fagområdene i instituttet omfatter idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarlig for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet har ansvar for flere utdanninger på bachelornivå innen idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanninger i idrettsvitenskap, lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksiser. Instituttet gir også undervisning i fysisk forstring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærerutdanningen, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i de femårige grunnskolelærerutdanningene, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidrar også i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksiser. Instituttet har studietilbud for utenlandske studenter på alle tre campus, samt etter- og videreutdanningstilbud.

Ansatte på instituttet er involvert i forskning og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltar i faglige nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og en viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til videreutdanning og kompetanseutvikling i skole, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei stilling som postdoktor innan bevegelse, leik og utforsking i barnehagen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Bergen eller Sogndal, er det ledig ei åremålsstilling i 100% som postdoktor innan bevegelse, leik og utforsking i barnehagen.

Stipendiatstillinga er knytt til forskingsprosjektet Move-play-explore in early childhood education (MoveEarly). MoveEarly er eit stort forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling for å fremme bevegelse, leik og utforsking i barnehagen. Målet er å utvikle ein pedagogisk praksis som sikrar eit rikt miljø for bevegelse, leik og utforsking i barnehagen, utvikle gode løysingar for kompetanseutvikling for tilsette og undersøke effekten av denne pedagogiske tilnærminga på barns fysiske aktivitet, utvikling, læring og trivsel. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Campus Sogndal. Prosjektet gjennomførast i samarbeid mellom forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse og BARNkunne - Senter for barnehageforsking. Stipendiaten vil ha sin arbeidsstad/tilknyting i Sogndal eller Bergen.

Den utlyste stillinga vil inngå som ein del av ei kvantitativ effektevaluering av intervensjonen som gjennomførast i MoveEarly. Prosjektet har eit klyngerandomisert design og evaluerer effektar på barn si heilskaplege utvikling over ein 2-års periode. Prosjektet siktar mot ei brei evaluering av intervensjonen og det er planlagt å inkludere mål på mellom anna fysisk aktivitet, leik, utforsking, motoriske ferdigheiter, fysisk form, sjølvregulering, kreativitet, rekning, språk og trivsel.

Stillinga lysast ut over 4 år med 25% undervisingsplikt. Tilsetting i stilling som postdoktor har som hovudmål å kvalifisere for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Postdoktoren vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø innafor forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse, BARNkunne - Senter for barnehageforsking, idrettsutdanninga og barnehagelærarutdanninga og det strategiske forskingsprogrammet Idrett, fysisk aktivitet og kosthald.

Det er ønskelig med tiltreding 01.11.2023.

Postdoktoren vil ha sitt arbeidssted ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett, Campus Bergen eller campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Utvikle eigne forskingsspørsmål og forskingsområde
  • Planlegge, koordinere og gjennomføre datainnsamling
  • Leie kvalitetsvurdering og analysar av data
  • Framstille og presentere forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, primært vitskaplege tidsskrift og konferansar
  • Bidra konstruktivt i forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse og BARNkunne - Senter for barnehageforsking
  • Rettleiing av PhD-studentar
  • Postdoktoren må vidare rekne med noko reising i samband med kollegasamarbeid og datainnsamling.

Kvalifikasjonskrav:

Søkaren må ha doktorgrad innan idrettsvitskap, barnehagekunnskap, folkehelse eller tilsvarande. Søkarar med doktorgrad frå andre fagområde som kan dokumentere god kjennskap til tematikken i utlysinga, t.d. gjennom fagleg vinkling på avhandlinga, kan og vurderast som kvalifiserte. Doktorgrad må være oppnådd ved søknadsfristen.

Kandidaten må ha særs god kjennskap til kvantitativ metodikk og kunne kommunisere godt på norsk og godt på engelsk.

Faglege kvalifikasjonar innanfor det utlyste området, med vekt på tema i doktoravhandlinga og metodiske kvalifikasjonar vil bli særskilt vektlagt. Vitskaplege publikasjonar vil og bli vektlagt.

Søkjarar må leggje ved ei prosjektskisse på 5 sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Har god innsikt i barn si heilskaplege utvikling og/eller utvikling på ulike spesifikke område
  • Har solid erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt
  • Har solid erfaring med tiltaksforsking
  • Har solid erfaring med testing og datainnsamling hjå barn, særskilt barnehagebarn og særskilt knytt til utfallsmål som inngår i prosjektet
  • Har god innsikt i kvantitativ metode, måleeigenskapar og statistisk analyse
  • Har erfaring frå arbeid i barnehage
  • Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga

Personlege eigenskapar:

  • God evne til munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
  • God samarbeidsevne
  • Evne til å ta initiativ og ansvar
  • Kommuniserer godt med barn og vaksne

Ved bedømming skal hovudvekta leggjast på søkjar sine kvalifikasjonar innanfor det utlyste området, med hovudvekt på kvalitet i doktorgradsarbeidet og andre vitskaplege arbeid. Forskingserfaring eller yrkeserfaring frå barnehage vert vektlagt. I vurderinga av søkjarane vil vi leggje vekt på søkjar sin motivasjon, potensiale for forsking, sjølvstende, samarbeidsevne og om søkjar er personleg eigna for stillinga. Erfaring frå popularisering/formidling vil også bli vektlagt.

Stillingskategorien postdoktor er regulert av Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat, fastsett av Kunnskapsdepartementet 31.1.2006 med heimel i Universitets- og høgskulelova §1-4.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Søkjaren skal leggje fram framlegg til prosjektskisse for kvalifiseringsarbeidet basert på hovudprosjektet. Det er ein føresetnad at søkjaren vil kunne gjennomføre delprosjektet i løpet av tilsettingsperioden og at skriftlege vitskaplege arbeid er sendt til vurdering i tidsskrift innan to år. Prosjektskissa skal vere på inntil 5 sider inkludert referansar, framdrifts- og publiseringsplan (Skriftstørrelse 12, Times New Roman og linjeavstand 1). Den kan skrivast på skandinaviske og engelske språk.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • prosjektskisse for kvalifiseringsarbeidet basert på hovudprosjektet (maks 5 sider)
  • CV, Vitnemål og karakterutskrift for alle akademiske gradar
  • vitskaplege arbeid (inntil 5 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor-, master- og ph.d-grad) samsvarar med norsk utdanning. Sjå NOKUT for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje postdoktorstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til postdoktorstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju. Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som postdoktor vert lønna i stillingskode 1352 - Postdoktor.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Prosjektleiar, professor Eivind Aadland, tlf.: 57 67 60 86 / 476 23 461, e-post: eivind. aadland@hvl.no
2) Instituttleiar Frode Fretland, tlf.: 57 67 63 78, e-post: frode.fretland@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde