Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Høgskulen på Vestlandet | Bergen | Fulltid |
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett søkjer prodekan for utdanning i fireårig åremålsstilling, med tiltreding 01.01.2024.
Fakultetet har 3 prodekanar. Prodekan for utdanning har eit overordna ansvar for utvikling av fakultetet sitt utdanningstilbod og utvikling som bidreg til livslang læring. Prodekan har vidare eit overordna ansvar for fakultetet sitt systematiske arbeid med vidareutvikling av utdanningskvalitet og læringsmiljø.
Sentralt for prodekan for utdanning er å støtte institutta i arbeidet med vidareutvikling av studietilbodet og utdanningskvaliteten og å bidra til etablering og vidareutvikling av relasjonar regionalt og nasjonalt innan eininga sine fagområde.
I eininga til prodekan for utdanning inngår seks studieprogramleiarar, ein studieadministrativ leiar og 24-28 administrative stillingar.
Det er venta at prodekan samarbeider tett med institutta og med dei øvrige prodekanane i fakultetet.
Som ansvarleg for effektiv utnytting av eininga sine ressursar, skal prodekan sjå til at dette skjer i samsvar med høgskulens mål, departementet sine rammer, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar.
Prodekanen har òg ansvar for at forvaltingsoppgåvene vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er i samsvar med god forvaltingspraksis.
Den som vert tilsett må rekne med ein del reiseverksemd mellom campusane.
Arbeidsstad er campus Bergen, Sogndal eller Stord.
Mynde i stillinga er delegert frå dekan, og prodekan rapporterer til dekan. Prodekan inngår i fakultetet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av fakultetet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.
Stillinga som prodekan er lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1474.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Send søknad og CV via jobbnorge.no (IDsøk 242021)
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenkje.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskjet ikkje vert teke til følgje.
Det kan bli endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer. Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Les meir på våre heimesider. http://www.hvl.no/