Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Vestlandsforsking | Sogndal | Fulltid |
Har du lyst til å vere med å utvikle Vestlandsforsking vidare?
Vi har ledig ny, fast stilling innan prosjektadministrasjon og økonomi. Den som vert tilsett, vil få ei sentral rolle på instituttet, og eit nært samarbeid med leiinga.
Vestlandsforsking arbeider med regionale, nasjonale og internasjonale prosjekt, med ulike økonomi- og rapporteringsordningar. Vi hentar inntektene våre frå forskings- og utviklingsprosjekt, anten som oppdrag eller frå forskingsprogram. Årleg har vi om lag 100 forskings- og utviklingsprosjekt, som varierer i storleik og kompleksitet.
På grunn av ein permisjon på økonomiområdet i 1-1,5 år frå årsskiftet, vil hovudoppgåva for den nye medarbeidaren den første tida vere økonomistyring og -oppfølging, med budsjettarbeid, økonomirapportering, fakturering mv. på instituttnivå, og støtte til prosjektleiarar med økonomistyringa i budsjett.
På sikt vert prosjektadministrasjon ei sentral oppgåve. Dette inneber å utvikle gode system og rutinar for forskingsarbeidet ved instituttet. Ei anna viktig oppgåve vil vere kompetanseutvikling og støtte til forskarane i søknadsarbeid, økonomistyring i prosjekt, kontraktsarbeid og rapportering. Dette er særleg viktig i større prosjekt, som EU-finansierte forskingsprosjekt.
I tillegg vil du vere ei støtte til direktøren i arbeidet med å utvikle Vestlandsforsking.
I tillegg ser vi gjerne at du har erfaring frå forskings- og utviklingsarbeid.
Vestlandsforsking arbeider systematisk for å sikre likeverd, mangfald og god kjønnsbalanse. Vi held til ved Campus Sogndal, i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogndal er kjend for flott natur og gode vilkår for friluftsliv. Regionsenteret har òg eit variert teneste-, fritids- og kulturtilbod.
Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø og gode velferdsordningar. Vi har velutvikla samarbeidsnettverk både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.
Løn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.