Bremanger kommune Hovedbilde

Prosjektleiar – tilflyttarkontor (100% stilling)

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Fulltid

Spanande prosjektstilling i utviklingsorientert kommune.

Bremanger kommune er i utvikling, og for å dekke behovet for arbeidskraft i kommuneorganisasjonen og næringslivet har kommunestyret vedteke å etablere eit tilflyttarkontor, i første omgang som eit tre-årig prosjekt. Prosjektleiar rapporterer til kommunedirektøren.

Tilflyttarkontoret skal:

  • Hjelpe tilflyttarar å finne seg til rette i Bremanger – i arbeid og fritid

  • Vere sentral informasjonskjelde og støttefunksjon for einskildpersonar og familiar som vurderer å flytte til Bremanger

Kjerneaktivitetar:

  • Profilering og omdømebygging

  • Kople kandidatar med relevante bedrifter m.o.t. kompetanse

  • Velkomst for nytilflyttarar

  • Fasilitator for sosiale møteplassar

Arbeidet skjer i tett samarbeid med kommuneorganisasjonen.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning, minimum på bachelor-nivå

  • Erfaring frå arbeid med profilering/omdømmebygging

Personlege eigenskapar

  • Du liker å arbeide med menneske

  • Du må kunne jobbe sjølvstendig, men og i team

  • Du er resultatorientert, fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i utviklinga av kommunen

  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver og eit inkluderande arbeidsmiljø

  • Høve til kompetanseheving og vidareutvikling

  • Konkurransedyktige vilkår

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Bremanger kommune Kulturbilde