Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Prosjektleiar Stad | Norconsult Norge AS | Stad | Fulltid |
Vil du bli ein del av eit selskap i vekst?
Likar du å sjå ulike delar vekse saman til å bli eit komplett, berekraftig og solid prosjekt? Likar du å vere den som skal sikre at det skjer? Då kan du vere akkurat den vi treng på laget - vi søkjer etter dyktig prosjektleiar!
Eit tverrfagleg fokus er nøkkelen for å løyse utfordringane no og i framtida. Norconsult treng fleire engasjerte, samlande og dedikerte medarbeidar for å jobbe saman, til det beste for samfunnet og kundane våre. Det at vi er tilstades lokalt, gjer at vi forstår dei lokale behova og vi tek fatt på oppgåvene med ei tverrfagleg og heilskapeleg tilnærming samstundes som vi har Norconsult si store erfaring og styrke i ryggen. Dette sikrar både kvalitet, innovasjon og framtidsretta val.
Norconsult Sogn og Fjordane er eit tverrfagleg kontor i vekst som utfører spennande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Oppdraga vert ofte gjennomførte på kryss og tvers internt i Sogn og Fjordane, men også i andre deler av landet og i tett samarbeid med andre fagområde, kontor og avdelingar i heile Norconsult. Vi er kring 70 dedikerte medarbeidarar som jobbar med planlegging, prosjektering og leiing av oppdrag innan alle typar prosjekt, offentlege og private. Vi har høge ambisjonar og ideal innan berekraft, digitalisering og samarbeid, og vert inspirerte av å kople det samen med kundane sine behov, slik at vi kan komme fram til den optimale leveransen for det aktuelle prosjekt.
Lokalt utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Den/dei som ønsker å vere med på laget vårt kan velgje kontorstad mellom kontora våre i Sogn og Fjordane (Førde, Sogndal, Årdal, Flekke, Sandane og Nordfjordeid).
Norconsult er det største rådgjevarmiljøet i landet og har stort fokus på samarbeid, berekraft og effektive, innovative og digitale arbeidsprosessar. Norconsult finn løysningar gjennom samskaping og bruk av digitale verktøy, og er leiande innan gjennomføring av heldigitale og teikningslause prosjekt. Vi dekkjer alle involverte fag i oppdraga våre og kan difor sette saman komplette team av eigne medarbeidarar som kan jobbe tett saman i det daglege prosjektarbeidet.
I Norconsult får du hyggjelege og dyktige kollegar, og du blir en del av eit tverrfagleg rådgjevarmiljø med høg kompetanse og utfordrande oppgåver. Vi er gjennom våre dyktige medarbeidarar og gode system svært godt rusta til å møte det digitale skiftet, noko som gir gode utviklingsmoglegheiter i konsernet.
Våre forventningar
Som prosjektleiar er det forventa at du har evne og vilje til å leie små og store oppdrag for Norconsult. Handterer du i tillegg komplekse problemstillingar med mange interessentar involvert, kan du vere den vi leitar etter.
Din bakgrunn
Du har bakgrunn som rådgjevar, byggherre eller entreprenør med erfaring frå planlegging, prosjektering eller bygging av oppdrag innan Industri, Samferdsel eller Bygg og eigedom – det vil seie ein fagleg forankring. Du har i tillegg erfaring med prosjekt-/ prosjekteringsleiing av tverrfaglege prosjekt som krev stor grad av involvering og tverrfagleg forståing. Det er også ønskjeleg at du har erfaring frå tilbodsarbeid, samt har kunnskap og interesse for marknadsarbeid og kundeoppfølging.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår: https://www.norconsult.no/radgiverne/
Vil du vite meir om kva moglegheiter du med nokon års erfaring har i Norconsult? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/
Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attester skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer merksam på at det kun er dei elektroniske søknadene som vil bli handsama. Søknaden må vere skriven på eit skandinavisk språk.
Ring oss gjerne for ein prat.
I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 100 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.