Finansiell rådgivar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rådgiver Sparebanken Vest Sogndal Fulltid
Sparebanken Vest Logo

Sparebanken Vest

Postboks 7999
5020 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jørgen Follevåg Mjelleli
91612707

Søknadsfrist

20. oktober 2024 Søk på stillinga her

Me utvider vårt kontor i Sogndal og søkjer no etter ein dyktig rådgivar som har lokal tilhøyrsel, kjennskap til og relasjonar/nettverk i området.

Me er interessert i deg som har stor grad av eigen drivkraft uansett kva du driver med i dag, og ønskjer å være med å bygge ei karriere som finansiell rådgivar i eit framover lent finanshus her på Vestlandet. Du leverer eineståande kundeopplevingar innanfor sal og rådgiving der du jobbar i dag, og du trivs med å ha resultatansvar for din egen portefølje i kvardagen.

Vi ønskjer kandidatar som jobbar i andre bransjar velkommen til å søke på stillinga om noko av det nemnte treffer deg!

Kva skal du gjere?

Gode relasjonar til kundane våre er det viktigaste vi har. Som rådgivar vil din hovudoppgåve i Sparebanken Vest vere å byggje gode og langsiktige relasjonar til kundar, og jobbe aktivt og smart med sal og rådgiving for å sikre nye. I ei tid med store endringar og høge forventningar frå kundane, vil tett oppfølging og kvalitet i leveransane bli enda viktigare. Som kunderådgivar vil typiske arbeidsoppgåver være:

  • Bygge og utvikle relasjonar til nye og eksisterande kundar - herunder forvalte og utvikle eigen portefølje, inkludert utgåande salsaktivitet. Du må like å ha resultatansvar for eigen portefølje.
  • Sal og rådgiving innan kreditt, sparing og plassering, forsikring og andre banktenester både i telefonmøte, videomøter og fysiske møter i bankens lokaler
  • Bidra i den daglege drifta av kontoret

Kven er vår nye kunderådgivar?

Vi trur du har relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskole (finans/økonomi/administrasjon), eller at du kan vise til erfaring frå sal og rådgiving over tid med gode resultat. Du har sterk interesse for finansielle produkt og tenester og kredittfagleg kunnskap. For å lukkast må du ha stor forståing og engasjement for menneske, rådgiving og sal. Om du er lærevillig og setter krav til eigen framdrift, vil du ha stor glede av spennande utviklingsmoglegheiter for din kompetanse i ein av Vestlandets ledande organisasjonar.

Vi trur du vil trivast godt som rådgivar om du er:

  • God på behovsavklaring, samt å finne dei rette og gode løysningane for kundane
  • Proaktiv, sjølvstendig, engasjert
  • Kontaktskapande og relasjonsbyggande, både eksternt og internt
  • Ein som får energi av å skape og bidra til gode resultat for seg sjølv og teamet, med god kvalitet
  • Målretta, strukturert, effektiv og fleksibel
  • Er ein som liker eit høgt tempo og innhaldsrike dagar
  • God å kommunisera, både skriftleg og munnleg

Det er eit krav til alle kunderådgivarar i SPV å vere autorisert i sparing og investering, kreditt, person- og skadeforsikring. Det er eit ønskje at søkjarar er ferdig autorisert, men dette vil vere et krav banken legga til rette for å tileigna seg.

Vi oppfordrar både personar med bankerfaring og personar i nærliggande yrker som inneheld kreditt/rådgiving/sal om å søke på stillinga hos oss.

Kvifor Sparebanken Vest?

Det viktigaste karrierevalet du tar, er laget du velje å spele for. Lagfølelsen påverkar korleis vi har det, lagfølelsen er sjølve fundamentet for trivsel, meistringsfølelse og personleg utvikling. Vårt lag er i ferd med å byggje ein bank som Vestlandet ville ha vore litt fattigare utan. Vårt mål er å byggje Noregs Beste Sparebank og vi vil ha deg med på laget!

Arbeidsstad: Sogndal

Vi gjer oppmerksam på at det kan bli krevje framlegging av ordinær politiattest etter politiregisterloven § 40 og bekrefting frå Brønnøysundregistrene om at du ikkje er under konkursbehandling, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Dette vil gjelde for stillingar etter finansforetaksloven §§ 16-12 første ledd b) og 16-12 andre ledd.