Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Rådgjevar innkjøp og avtalar | Sognekraft AS | Sogndal | Fulltid |
Er du klar til å spele ei nøkkelrolle i å forvalte store verdiar og ta smarte val som påverkar samfunnet? Likar du å byggje gode relasjonar? Då kan du vere den vi leitar etter!
Sognekraft er eit energikonsern som skal vere ei drivkraft i Sogn. Vi treng deg som ser moglegheiter der andre ser utfordringar, og som kan styre innkjøp og avtaleoppfølging. Saman med konsernadvokaten blir du viktig i å gi råd innan innkjøp og avtaleforvaltning for bygging og drift av vasskraftverk, straumnett og fibernett. Klar for å gjere ein skilnad?
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Du har høgare utdanning innan rettsvitskap eller økonomi. Relevant erfaring er ein fordel, og kan erstatta kravet til høgare utdanning.
Er du klar for ein jobb innan fornybar energi?
Du passar til jobben om du har du interesse for utfordrande kontraktar og innkjøpsavtalar, og ønskjer å finne dei gode løysingane med oss andre i konsernet.
Stillinga krev at du er initiativrik, jobbar effektivt, tek ansvar og er ein pådrivar. Du må også vere omgjengeleg med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Før vi ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil vi gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.