Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Rådgjevar/Seniorrådgjevar | Digitaliseringsdirektoratet | Sogndal | Fulltid |
Digitaliseringsdirektoratet utviklar digitale fellesløysingar som gjer Norge enklare! Me søker ein erfaren systemutviklar til arbeidet med utvikling av nasjonale fellesløysingar.
Du vil bli del av teamet som utviklar eFormidling og ELMA:
eFormidling gjer det mogleg å kommunisere på ein enkel måte, utan å måtte ta omsyn til om mottakaren er privat verksemd, offentleg verksemd eller innbyggar.
ELMA er eit norsk adresse- og kapabilitetsregister, og er ein av nøklane til det offentlege sin omfattande bruk av elektronisk faktura.
Hjå oss blir du del av eit av Norges fremste kompetansemiljø innan systemutvikling. Me har stort fokus på sikkerheit og tilgjengelegheit, og arbeider med spennande teknologiar. I vår avdeling blir du ein del av eit større fagmiljø på om lag 30 utviklarar. Du vil møte varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for personleg utvikling. Vi arbeider smidig og har stor grad av autonomitet. Du kjem til å arbeide med fagmiljø både i og utanfor Digdir.
Stillinga er fast med kontorstad på ein av våre lokasjonar i Sogndal, Brønnøysund eller Oslo.
Du må ha:
Avhengig av erfaring og utdanning ønskjer vi at søkjarane har god kunnskap og erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område:
Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise).
I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no
Telefon: 91146279
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet)
Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 380 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, tre stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor.Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.