Reinhaldar I Fjaler kommune Bilde

Reinhaldar I Fjaler kommune

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fjaler kommune Fjaler Fulltid
Fjaler kommune Logo

Fjaler kommune

Dalstunet 20
6963 Dale i Sunnfjord
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Linn Iren Halvorsen
90408598

Søknadsfrist

4. februar 2024 Søk på stillinga her

Har du interesse for å jobbe med reinhald? Reinhaldssentralen har ledig ei 100 % fast stilling som reinhaldar. Arbeidet er på dagtid, med start kl. 06.00. Som tilsett i reinhaldssentralen vil du jobbe med reinhald på fleire kommunale bygg.

Det er ønskjeleg at du har fagbrev som reinhaldsoperatør. Søkjar som ikkje har fagbrev, men som fyller opp dei andre kvalifikasjonane, kan søkje på stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg og periodisk reinhald i kommunale bygg
  • Maskinelt reinhald
  • Vedlikehald av golv
  • Andre oppgåver innan reinhaldsfaget

Kvalifikasjonar

  • Ønskjeleg med fagbrev som reinhaldsoperatør
  • Erfaring frå reinhald
  • Søkjarar må ha fylt 18 år
  • Sertifikat kl. B og disponere eigen bil
  • God norsk munnleg og skriftleg, minimum B2 nivå

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Serviceorient og omgjengeleg
  • Trivast med reinahaldsoppgåver
  • Vi vektlegg at ein er personleg egna til stillinga

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff
  • 10 000 kroner tillegg som er alltid på topp av grunnlønn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Å tilrettelegge for at du kan ta fagbrev som reinhaldsoperatør parallelt med arbeidet

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.