Likar du tal, menneske, frukt og bær?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rekneskapsansvarleg/Controller Lerum AS Sogndal Fulltid
Lerum AS Logo

Lerum AS

Postboks 159
6851 SOGNDAL
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Mathias Grehl HR-rådgjevar
45134554

Søknadsfrist

19. november 2024 Søk på stillinga her

Vi søkjer no ein fagleg sterk rekneskapsansvarleg/ controller med driv og godt humør. Vi leitar etter deg som har heilheitleg forståing for rekneskap og skatt, som kan løfte blikket og prioritere godt. Vi ønskjer oss ein positiv og løysingsorientert ny kollega, som kommuniserer godt på tvers av organisasjonen. Du jobbar sjølvstendig, men trivast også godt med teamarbeid og kompetansedeling. I tillegg har du god arbeidskapasitet og stor eigeninteresse for å halde deg fagleg oppdatert.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og overvaking av det grunnleggande rekneskapsarbeidet
  • Utarbeiding av rekneskap for selskapa i konsernet
  • Månadsavslutning og årsoppgjer
  • Budsjettering og prognosar
  • Rapportering til offentlege myndigheiter
  • MVA, skatt og avstemmingar
  • Rekneskapsoppfølging mot budsjett
  • Controlleroppgåver, økonomiske analysar, rapportar etc.
  • Bidra til vidareutvikling og forbetring av rekneskapsprosessane

Kompetanse

  • Høgare utdanning innan rekneskap og revisjon
  • Autorisert rekneskapsførar eller revisor
  • Fagleg trygg med minimum 3-5 års relevant arbeidserfaring
  • God systemforståing og IT-kunnskapar
  • Erfaring frå rekneskapssystem -- gjerne også erfaring frå ERP-system

Kven er du?

  • Strukturert, nøyaktig og analytisk
  • Proaktiv og engasjert
  • Gode og tydelege kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Pådrivar med glimt i auga
  • Er glad i saft og syltetøy

Lerum sine verdiar er ekte, stolt, ærleg og engasjert, dette er verdiar vi også ser etter når vi rekrutterar. Det er korte beslutningsvegar på tvers i organisasjonen, og som tilsett hjå oss får du ta del i utviklinga av saft- og syltetøyeventyret.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø i nye og moderne kontorlokale på Kaupanger. Det er høgt tempo der trivelege kollegaer i administrasjon og produksjon jobbar saman for å stadig oppnå nye og saftige mål.

HJÅ OSS I LERUM ER BEREKRAFT EI SJØLVFØLGEDet har det vore sidan augustdagen i 1907 då to stampar med bær vart ståande att på kaien på Sørheim. Vi kan ikkje kaste bær, sa Kari Lerum. Og slik oppstod Lerum. Sidan den gong har Lerumfamilien safta og sylta bær gjennom fire generasjonar med handverkstradisjonar, og vore ein pådrivar for lokal utvikling. Å foredle betyr å bevare. Å ta vare på. For vår bærkrets handlar det om å ta vare på naturen. Frukt og bær. Menneske. Ernæring. Og lokalsamfunnet som vi er ein del av. Som den vesle, norske utfordraren kan vi ikkje vere best på alt. Men vi kan vere best på det som ligg i kjernen av vår natur -- frukt og bær. Og skal vi få til noko stort på ein liten plass, må vi løfte saman med tilsette, forbrukarar, næringsliv og myndigheiter. Skal vi få til noko på ein liten plass, må vi løfte i lag.