Rekneskapssjef Bilde

Bli regneskapssjef i energikonsernet Sognekraft

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rekneskapssjef Sognekraft AS Vik Fulltid
Sognekraft AS Logo

Sognekraft AS

Røysavegen 1
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Bente Vangsnes
906 95 180

Søknadsfrist

14. august 2023 Søk på stillinga her

I økonomiavdelinga til Sognekraft-konsernet er det ledig stilling som rekneskapssjef. Unik moglegheit til å jobba innan fornybar energi og samstundes få faglege utfordringar.

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • Vere ein ressursperson innan rekneskap, skatt og avgift
  • Ha overordna ansvar for konsolidering, årsoppgjer og rapportering
  • Vere rådgjevar og utarbeide rapportar for styra og konsernleiinga
  • Vere med på å effektivisere, forbetre og automatisere rutinar og prosessar
  • Utføre administrative rekneskapsoppgåver
  • Bidra aktivt til å utvikle, optimalisere og kvalitetssikre økonomiprosessane

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan økonomi, rekneskap eller revisjon
  • Erfaring frå tilsvarande arbeidsområde
  • God systemforståing og tilnærming til nye system
  • Leverer oppgåver med høg kvalitet innan fristar
  • God skriftleg og munnleg evne til formidling

Me ser etter ein kollega som har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. I kvardagen jobbar du planmessig og sjølvstendig. Du er ein lagbyggjar, som skapar gode relasjonar. Du har god energi, er løysningsorientert og trivst i ein aktiv kvardag.

Ta gjerne kontakt med konserndirektør økonomi og finans Bente Vangsnes om du har spørsmål på tlf. 906 95 180.

Kontorplass på hovudkontoret i Vik, men med moglegheit for Sogndal.