Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Fjaler kommune | Fjaler | Fulltid |
Då noverande rektor skal slutte søkjer vi no etter ein ny leiar til Våge skule. Som rektor får du ein interessant og spanande arbeidskvardag med høve til å nytte brei fagkompetanse i eit sterkt fagmiljø. Rektor vert no leiar berre for skulen. Tidlegare har også barnehagen hatt rektor som leiar.
Vi søkjer etter ein pedagogisk og administrativt dyktig leiar, med kjennskap til gjeldande lover og forskrifter. Vår nye rektor vert leiar av den praktiske og økonomiske drifta, får personalansvar for dei tilsette, og har det øvste ansvaret for elevane si læring og utvikling.
Våge skule har gode undervisningslokale og eit flott uteområde, godt tilpassa aktivitet og læring.
Ta gjerne kontakt, dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.