Stryn kommune Hovedbilde

Samfunnsplanleggar / arealplanleggar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stryn kommune Stryn Fulltid
Stryn kommune Logo

Stryn kommune

Stryn, Norge
6783 Stryn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kommunalsjef samfunnsutvikling Steinar Nesdal
99506150

Søknadsfrist

3. november 2024 Søk på stillinga her

Vi søkjer etter samfunnsplanleggar/arealplanleggar i 100% fast stilling. Planavdelinga med 6 tilsette ligg under etat for samfunnsutvikling. Kontorstad er kommunesenteret i Stryn.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsområde er kommunen sin arealdel og samfunnsdel, samt sakshandsaming av framlegg til reguleringsplanar.

  • Arbeidsinnhald kan tilpassast søkjaren sine interesser og kvalifikasjonar.

  • Rettleiing og kommunikasjon med utbyggarar, samt medverknad med innbyggarar er ein viktig del av arbeidet.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule.

  • Kjennskap til plan- og bygningslova og rettleiarar for kommunal planlegging.

  • Erfaring med framstilling av digitale arealplanar vil vere ein fordel.

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen sitt målføre er nynorsk.

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert, med god evne til å kommunisere

  • Motivert for gode prosessar og framdrift

  • Lagspelar som også kan arbeide sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr

  • Trygg arbeidsplass med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

  • Trivelege kollegaer

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Høyrest dette spennande ut? Steinar ventar spent på å høyre frå deg.

Stryn kommune Kulturbilde