Sommarjobb i Helse- og omsorg Bilde

Sommarjobb i Helse- og omsorg

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fjaler kommune Fjaler Fulltid
Fjaler kommune Logo

Fjaler kommune

Dalstunet 20
6963 Dale i Sunnfjord
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Hanne Ulvatne Igelkjøn
57738125

Søknadsfrist

3. mars 2024 Søk på stillinga her

Fjaler kommune treng vikarar til Helse- og omsorg sommaren 2024 i perioden 01. juni - 31. august, og vi søkjer etter deg. Vi tilset fortløpande så det er ingen grunn til å vente med å søke.

Vi har ledig ferievikariat ved følgande einingar:

  • Fjaler sjukeheim

  • Heimetenesta med brukarar i heile kommunen

  • Miljøarbeid for menneske med utviklingshemming

  • BPA

  • Kjøkkenet ved Fjaler sjukeheim


Dersom dette er interessant for deg, kan du gjere følgjande:

  • Set opp ønskje for den eller dei einingane du helst vil arbeide ved i sommar

  • Set opp kva periode du kan jobbe i

  • Dersom du ønskjer ferie i løpet av sommaren er det flott om du presiserar tidsrom i søknaden.

Søkjarar som kan vikariere i heile ferieperioden kan bli prioriterte. 

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåvene er varierande alt etter kvar du arbeidar. Døme på oppgåver er pleie, omsorg, miljøarbeid og psykososialt arbeid ved institusjon og helsetenester i heimen. Det er og dagsenter, kjøkkenoppgåver og praktisk bistand.

  • Felles for alle sommarvikar er fokus på gode tenester til brukarar og pasientar.

Kvalifikasjonar

  • Alle søkjarar må ha fylt 16 år.

  • Det er ein fordel om du har fullført, eller er under utdanning innan helse- og sosialfaglege yrke som t.d. sjukepleiar/vernepleiar/sosionom/helsefagarbeidar etc.

  • For arbeid på kjøkkenet er det ein fordel om du har fullført, eller er under utdanning innan kokkefaget.

  • Søkjarar til arbeid i heimetenesta må ha førarkort klasse B.

  • Alle sommarvikarar må levere politiattest og få godkjend MRSA- og tuberkulinerklæring før tiltreding.

  • Søkjarar må kunne kommunisere godt på norsk.

Personlege eigenskapar

  • Interesse for å arbeide med menneske

  • Vere fleksibel

  • Evne til samarbeid

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff og lokale avtalar, der høgskulestudentar (innan helse- og sosialfag) vert løna ut frå studieforløp

  • Bonusordning for alle over 18 år som jobbar minimum 4 veker. Ekstra bonus pr veke etter det.

  • Eigen bonusordning for dei som er under høgskuleutdanning innan helse- og sosialfaglege yrke og helsefagarbeidarar som har fullført minimum to års skulegang.

  • Pensjonsopptening i KLP

  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.