Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stryn kommune | Stryn | Fulltid |
Vil du bli vår nye medarbeidar på HR-avdelinga?
Vi søkjer etter ein engasjert og kunnskapsrik medarbeidar til HR-avdelinga vår. Dette er ei nyoppretta stilling i Stryn kommune. Vi er i dag 4 medarbeidarar på HR-avdelinga, som støttar heile organisasjonen. Avdelinga er leia av HR-sjef.
Stryn kommune er ein organisasjon med ca 750 fast tilsette med kommunedirektør som øverste leiar. Vidare er kommunen delt inn i etat for helse og sosial, oppvekst, samfunnsutvikling og sentraladministrasjon som HR-avdelinga er ein del av.
HR-avdelinga arbeider med eit stort spekter av oppgåver, eksempelvis HMS-arbeid, partssamarbeid, nærværsarbeid, rekruttering, regelverk, leiarstøtte og lønsarbeid.
Du vil som vår nye kollega få ei sentral rolle i utvikling og gjennomføring av HR-arbeidet i Stryn kommune.
Målet vårt er å sikre trygge leiarar og gode arbeidsmiljø gjennom leiarstøtte, partssamarbeid, utvikling og forenkling av HR prosessar.
Samfunnet vårt er i stadig endring og HR arbeidet blir påverka av dette, vi må difor i HR-arbeidet ha fokus på balansen mellom menneske, regelverk og teknologi.