Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Høgskulen på Vestlandet | Bergen | Fulltid |
Dette er Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 190 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanninga, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg insituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier og danning av didaktiske praksisar. Instituttet har omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltek i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samaheng er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei 100% mellombels stilling som stipendiat innan fagområdet/forskingsprosjekt utdanningshistorie ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga:
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for Lærerutdanning, kultur og idrett, campus Bergen, Sogndal eller Stord, er det ledig ei åremålstilling som stipendiat i utdanningshistorie. Vi søkjer etter kreative, motiverte og sosialt engasjerte ph.d. kandidatar. Stillinga i utdanningshistorie er ei forskar og utdanningsstilling som skal gi lovande forskarrekruttar moglegheit til fagleg utvikling relevant for barnehagefeltet. Stillinga skal styrke kunnskapsgrunnlaget for barnehagelærarutdanninga og barnehageforskning i Forskarskulen NORBARN. Arbeidsstad er lagt til miljøet ved BARNkunne-Senter for barnehageforskning. Senteret utgjer eit tverrvitskapeleg kunnskapsmiljø for forskning, formidling og undervisning i barnehagelærarutdanning, masterutdanning i barnehagekunnskap og utdanning på doktorgradsnivå.
Stipendiaten skal inngå i et godkjent opplegg for ph.d.-utdanning innafor ei tidsramme på 3 år.
Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplass ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag campus Bergen, Sogndal eller Stord i tilsettingsperioden.
Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.
Det er ønskelig med oppstart i stillinga innan 01.01.2024.
Fakultetet si forsking er organisert i tre forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 50 operative forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du HER.
Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" omfattar om lag 60 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet HER.
Kvalifikasjonskrav:
Relevant mastergrad innanfor utdanningshistorie, barnehagekunnskap, pedagogikk eller fagkombinasjonar innanfor samfunnsvitskaplege eller humanistiske fagområde. Mastergradsoppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden (120 studiepoeng eller tilsvarende) må vere godkjent seinast 3 veker etter søknadsfristen.
Det er ein føresetnad at stipendiaten oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet:
Det er ein føresetnad at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet «Danning og didaktiske praksisar» ved HVL. Opptak krev normalt karakteren B eller betre på masteroppgåva. Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein HER. Søknad om opptak til dette ph.d.-programmet skal først sendast etter eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-programmet. Stipendiaten vert oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden.
Ønska kvalifikasjonar:
Kjennskap til grunnutdanning som barnehagelærar/førskulelærar og/eller innan historiefag
Personlege eigenskapar:
Høg etisk medvet i forskingsarbeidet er påkravd.
Søkjarar må levere ei førebels prosjektskildring på maks fem sider som tek utgangspunkt i prosjektskissa for studien og skildrar korleis søkjar ser for seg gjennomføringa av stipendiatprosjektet, med val av tema, problemstillinger, metode og plan for gjennomføring av prosjektet. Den førebelse prosjektskildringa vil nyttast i vurdering av kandidaten sine kvalifikasjonar og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Den vil bli utforma saman med hovudrettleiar.
Ansvars- og arbeidsområde:
Stipendiatstillinga er knytta til Barnkunne – Senter for barnehageforskning.
Stipendiaten skal arbeide med problemstillingar innan forskingsfeltet utdanningshistorie. Vi søkjer etter historiske prosjekt som tar for seg, frå eit historisk perspektiv, spørsmålet om kva som er hovudlinjene for utviklinga og særdraga i utdanninga knytt til dei fyrste åra (tidleg barndom), slik denne utdanninga har utvikla seg (i full breidd) i Norden det siste hundreåret eller så, for (likevel) å gje inntrykk av ein «nordisk modell» for opplæring i tidleg barndom. Og frå eit historiografisk perspektiv, korleis historia om det fyrste steget i utdanninga i Norden kan forståast som knytt til berekraft, ved å vise til notid og framtid like mykje som til fortid. Prosjektforslaget må leggje vekt på korleis mål, metodar, innhald og praksis i utdanninga i Norden har utvikla seg i lys av sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske forventningar. Moglege vinklingar og avgrensingar for prosjektet kan vere rammeplanar for barnehagen, politikkutforming og avgjerdsprosessar, endringar i barnehagesektor, rekruttering til barnehagelærarutdanning, viktige enkeltaktørar eller grupperingar, og mangfald, ulikskap og/eller urettferd, berekraft som idé og praksis. Uavhengig av vinkling og val bør prosjektet kaste lys over utviklinga av utdanning i barnehagen i Norge i lys av Nordiske perspektiv og drøfte utfordringar knytt til akademiske og politiske spørsmål.
Vi søkjer etter originale og gjennomførbare prosjekt med gode problemstillingar. Utlysinga er open for ulike metodiske og teoretiske vinklingar, det vere seg diskursteoretiske tilnærmingar, komparative analysar, histoire croisée-tilnærmingar eller posthumanistiske/nymaterialistiske historieperspektiv.
Det er ei føresetnad at stipendiaten sitt prosjekt innrettast slik at stipendiaten kan bli tatt opp på ph.d.-studiet Studier av Danning og didaktiske studier. Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet her: https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/
Stipendiaten må søkje opptak til ph.d-programmet Studier av danning og didaktiske praksiser. Rettleiar vil saman med kandidaten utarbeide ein detaljert plan for forskarutdanninga som skal knyttast til opptak ved ph.d.- utdanninga. Endeleg plan for doktorgradsutdanning skal vere godkjent og avtalefesta seinast tre månader etter tilsetting.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på Jobbnorge.no - ID 249009.
Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå NOKUT for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.
Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.
Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.
Vi tilbyr:
Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønstrinn 54 / NOK 532 200,-. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.