Stillingsinformasjon
Luster kommune har ledig stilling som fagarbeidar/tømrar ved teknisk drift.
Teknisk drift har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale bygg og utleigebustader, kommunale vegar, grøntanlegg og vatn- og avlapsnett i kommunen.
For tida er det tilsett over 40 personar ved teknisk drift.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av kommunale bygg og bustader
- Noko vaktmeistertenste kan vere aktuelt
- Anna vedlikeholdsarbeid ved teknisk drift
Kvalifikasjonar
Me søkjer etter ein,event. to personar med erfaringar innan bygningsfaget. Erfaring som tømrar og målar/legging av golvsbelegg/flis er ønskjeleg. All relevant kompetanse vil bli vurdert.
- Fagbrev som tømrar eller innanfor måling/golvlegging/flisarbeid er ønskjeleg
- Førarkort klasse B
- Kjennskap til internkontroll og HMT
- Kjennskap til bruk av data og styringsverktøy
Me legg vekt på
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig
- Kreativ og initiativrik
- Serviceinnstilt
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.