Trainee: Jurist Bilde

Jurist som er opptatt av miljø og forvaltning?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Jurist Gloppen kommune Gloppen Trainee
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Torbjørn Brandsæter
45226186

Søknadsfrist

1. april 2024

Du søker traineestilling hos Gloppen kommune, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

På Sandane i Gloppen kommune er vi i gang med å bygge opp eit sterkt fagmiljø som skal følge opp byggesak og spreidde avløp i heile Nordfjordregionen. Til dette arbeidet søker vi no ein juridisk rådgjevar. Som trainee vil du som del av jobben delta på kjekke samlingar med andre traineear i fylket, og få ekstra oppfølging i form av eit solid utviklingsprogram og personleg mentor.

Kvifor søke hos oss?

Vi tilbyr ei spennande stilling i eit triveleg arbeidsmiljø der du får moglegheita til å bidra til samfunnsutviklinga i Nordfjord og sikre kvaliteten på byggeprosjekt. Du vil få ein variert arbeidskvardag med både kontorarbeid og fysiske tilsyn, i tillegg til fleksibel arbeidstid. Og du vil bli kjent med folk og bransjen i heile regionen. Her vil du ha store moglegheiter for å utvikle deg både fagleg og personleg. 

Du vil jobbe saman med leiar for avdelinga, ingeniørar, miljørådgjevar og andre kollegaer med vatn- og avløpskompetanse. Saman vil de jobbe for å betre kvaliteten på vatn og miljø og bidra til tryggleik og god byggteknisk utføring av byggeprosjekt.

Dette vil du gjere:

Som juridisk rådgjevar vil du jobbe mellom anna med tvistar og rådgjeving til dine kollegaer, slik at tilsyn og oppfølging følg lovar og forskrifter. Typiske arbeidsoppgåver vil vere:

  • Nytte din juridiske kompetanse til å utvikle og implementere relevante retningslinjer og reguleringar
  • Gje juridisk rådgjeving til tilsynsteamet rundt reguleringar, kontraktar og lovgjeving knytt til spreidde avløp
  • Samarbeid med kommunane for å løyse juridiske spørsmål
  • Delta på tilsyn på byggeplass og med spreidde avløpssystem
  • Hjelpe til med å handtere eventuelle juridiske tvistar eller konfliktar som måtte oppstå

Vi håpar at du er engasjert og motivert til å bidra til betre miljøforvaltning og oppfølging av byggesaker, at du tar initiativ og ikkje minst at du likar å lære. Ettersom arbeidet vi gjer vil finne stad i ulike kommunar i regionen, har du behov for førarkort på personbil.

Kvalifikasjonar:

  • Juristutdanning med kompetanse innan miljørett, forvaltningsrett eller plan- og bygningslova
  • Evne til å analysere og forstå juridiske spørsmål og gi råd utifrå dette
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å samarbeide med ulike aktørar

Kva skjer i Gloppen?

Såg du «71 grader Nord team» i fjor? Då har du garantert sett mykje av den flotte kommunen vår. Det var her kjendisar som jegertvillingane, hockeygutta, Jorun Stiansen og Alejandro Fuentes mellom anna sykla på sti ned frå Haugsvarden og rodde i båt over Ryssfjorden. Friluftslivet er godt tilrettelagt for aktivitetar sommar som vinter og vi har sterke miljø for både idrett og kultur, med alpinsenter, langrennsløyper, idrettshall, symjehall, kino og konsertsal. Ikkje minst ligg flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – i Gloppen, og det er enkelt å kome seg til andre delar av fylket og landet. Vi håpar å sjå deg her!

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.