Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: IT-utviklar | Digitaliseringsdirektoratet | Sogndal | Trainee |
Du søker direkte til Digitaliseringsdirektoratet på denne traineestillinga.
Søk traineestillingDigitaliseringsdirektoratet (Digdir) er regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. I vår avdeling har vi eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale fellesløysingar og funksjonar, som mellom anna ID-porten og MinID.
Meir om ID-Porten finn du her: https://vimeo.com/571639558
I direktoratet er det eit stort utviklingsmiljø og utviklarane har eit stort spenn i arbeidsoppgåver, noko som gir gode mulegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive og hurtige leveransar. Vårt utviklingsmiljø har stor fagleg tyngde og spisskompetanse innan våre fagområde både nasjonalt og på europeisk nivå. Vi likar å vere best.
No ser vi etter ein trainee som vil bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av dei viktigaste kundane - meg, deg og heile landets befolkning.
Du vil bli kjent med og bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av praktisk talt alle innbyggarar, løysingar som vårt samfunn er avhengig av. Di rolle i eit av våre team vil bli definert ut frå dine kunnskapar, interesserer og våre pågåande prosjekt.
Det er viktig at du:
Våre tilsette er nysgjerrige og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar. Det ønsker vi at du også er.
I tillegg til spennande faglege utfordringar kombinerer vi fleksibel arbeidstid med fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø.
Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu.
Vi kan tilby deg:
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.