Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Jurist eller revisor/økonom | Lotteri- og stiftelsestilsynet | Sunnfjord | Trainee |
Du søker direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet på denne traineestillinga.
Søk traineestillingVi gjer det enkelt å drive frivilligheit i Norge. Bli med på laget? Lotteri- og stiftelsestilsynet er på utkikk etter ein trainee til avdelinga vår for frivilligheitsstøtte. Vi søker deg som er nyutdanna jurist eller økonom/revisor – som vil utvikle deg i faget ditt og jobbe for å styrke det frivillige Norge.
I 2024 delte vi ut rundt 4,4 milliardar kroner gjennom tilskotsordningane våre. Med andre ord er det vi som deler ut mest pengar til frivillig sektor i Norge. Vi får oppdraga våre frå Kultur- og likestillingsdepartementet, og avdelinga vår har ansvar for mange og varierte oppgåver innanfor tilskotsforvaltning og frivillig sektor.
Heile Lotteri- og stiftelsestilsynet er rundt 90 tilsette, og på vår avdeling er vi ein gjeng på rundt 20. Folk har variert bakgrunn, men flest er juristar, økonomar eller revisorar.
Vi forvaltar store tilskotsordningar, og fører kontroll med desse. I tillegg har vi tilsyn med grasrotandelen frå Norsk Tipping, og ansvar for å drifte og vidareutvikle tilskudd.no. Det gir oss unik innsikt om frivillig sektor, som vi brukar til å gjere det enklare å drive frivilligheit i Norge.
Vi jobbar blant anna med rettleiing til søkarane våre, lov- og forskriftsarbeid, utvikling av brukarvennlege løysingar, saksbehandling og tilsyn.
Som trainee hos oss vil du mellom anna få jobbe med momskompensasjonsordninga, som er den største og viktigaste tilskotsordninga for frivillige organisasjonar i Norge.
Vi har varierte oppgåver på avdelinga, og er opne for både deg som er nyutdanna jurist eller revisor/økonom. Som jurist må du ha master i rettsvitskap. Som revisor/økonom kan du søke med bachelor eller master. Du får oppgåver som er tilpassa din kompetanse, sett opp mot behova på avdelinga.
Vi ser for oss at du likar å jobbe i eit lag, og du kjem til å jobbe med å rettleie frivillige organisasjonar. Du vil også arbeide sjølvstendig med å handsame søknadar om tilskot og eventuelle klager.
Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø, og Lotteri- og stiftelsestilsynet har god erfaring med å ha traineear gjennom ordninga til Framtidsfylket.
Det er viktig for oss at dei tilsette trivast, og som trainee hos oss vil du få:
Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk. I tillegg held vi til i et moderne kontorbygg i Førde sentrum, der vi har kantine med lunsjordning, samt trening i arbeidstida med eige trimrom på huset.
Som trainee hos oss blir du del av Framtidsfylkets traineeprogram. Å starte arbeidslivet som trainee i gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear.
Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2025 til august 2026.
Om du synest dette høyrest interessant ut, men har lyst å vite meir – ikkje nøl med å ta kontakt. Vi fortel gjerne meir om våre spennande arbeidsoppgåver!
Stillinga er utlyst som førstekonsulent stillingskode 1408. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.