Trainee: Kunnskap og læring Bilde

Norec søker trainee innan kunnskap og læring

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Kunnskap og læring Norec Sunnfjord Trainee
Norec  Logo

Norec

Firdavegen 2, 6800 Førde, Norge
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Øystein Garfors, seksjonsleiar kunnskap og læring
41 53 06 03

Søknadsfrist

26. mars 2023 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Norec på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Søknadsfrist 26. mars.

Om stillinga

Jobb i Norec

Norsk senter for utviklingssamarbeid (Norec) er eit forvaltningsorgan underlagt Utanriksdepartementet. Vi er ein dynamisk arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarar. Norec held til i Førde, mellom fjell og fjordar på det vakre Vestlandet.

Norec gir tilskot til internasjonale samarbeid som jobbar for å nå berekraftsmåla til FN. Vi er eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid, og gir unge menneske internasjonal arbeidserfaring og kunnskap innan berekraftig utvikling.

Meir enn 220 bedrifter, institusjonar og organisasjonar i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg er del av det internasjonale nettverket vårt.

Les meir om Norec på www.norec.no

Trainee i Norec

Er du nyutdanna, nysgjerrig og lysten på å lære meir? Har du lyst på ein unik start på karrieren? Vi er på jakt etter deg som vil vere med å vidareutvikle Norec som nasjonalt kompetansesenter for internasjonalt utvekslingssamarbeid.

Som trainee vil du jobbe i seksjon for kunnskap og læring. Vi har ansvar for kursing av deltakarar, partnarar og eksterne målgrupper, i tillegg til Norec sitt arbeid med analyse og læring. Gjennom året vil du få ei unik forståing av både det å jobbe i ei statleg verksemd, og utveksling som eit utviklingspolitisk verktøy.

Som trainee i Norec vil du jobbe med:

  • planlegging, gjennomføring og utvikling av kurs
  • utvikling av digitale læringsressursar og materiale
  • å skape interesse blant potensielle tilskotsmottakarar
  • innsamling og kvalitetssikring av data
  • innhenting og omarbeiding av litteratur og forsking
  • framstilling og forenkling av resultat og forsking til bruk i formidling

Arbeidsoppgåvene vil bli tilpassa kompetansen til den som blir tilsett.

Du har:

  • relevant utdanning på bachelornivå eller høgare
  • gjerne erfaring med dokumentasjonsarbeid og forsking
  • gode norsk- og engelskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Andre språk (mellom anna spansk) vil vere ein fordel
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • gode IT-kunnskapar
  • evne til å jobbe sjølvstendig og god evne til å prioritere

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
  • gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • moglegheit til å trene i arbeidstida

Stillinga er lønna etter stillingskode 1429 Aspirant.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Les dette før du søker:

  • Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker Norec medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
  • Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.
  • Du kan be om å bli unntatt den offentlege søkarlista. Dette må du i tilfelle grunngi. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje vert teke til følge.

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

Vil du vite meir om stillingane? Ta kontakt med oss:

Øystein Garfors, seksjonsleiar kunnskap og læring
E-post: oystein.garfors@norec.no
Telefon: 41 53 06 03

Camilla Ericsson Valvik, seniorrådgivar HR
E-post: camilla.valvik@norec.no
Telefon: 98 01 76 14

Dette er berre eí av femti traineestillingar i Distrikt-Vestland, sjekk ut alle her:
Årets Traineestillingar | Framtidsfylket.no