Trainee: Kommunikasjon  Bilde

Klar for å kommunisere innovasjon og næringsutvikling i Vestland?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Kommunikasjon Aksello AS Kinn Trainee
Aksello AS  Logo

Aksello AS

Strandgata 52
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Lone Bareksten
47262635

Søknadsfrist

15. mars 2024

Du søker traineestilling hos Aksello AS , men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Ønsker du at andre skal få vite om omstillinga til grøn næring, innovasjon og utviklinga som skjer på kysten av Vestlandet er du kanskje den vi ser etter.

Vi ser etter deg som kan sjå næringslivet sitt behov for innovasjon og grøn omstilling med nye auge, og kommunisere alt det framtidsretta arbeidet som er på gang i regionen vår.

I tillegg til å fortelle om det som skjer skal ikkje du sjå vekk frå at du får vere me då sjaue litt og ta eit tak når vi har arrangement av ulike slag. I slike selskap som Aksello blir arbeidskvardagen ikkje heilt lik og ein må av og til gjere noko som ikkje er relatert til fag.

Vi satsar på deg om du er klar for å satse på oss

Her blir du del av:

  • Eit innovativt og yrande miljø kor du får utnytta ditt potensiale, samt vere med å utvikle framtidas arbeidsplassar.
  • Eit godt arbeidsmiljø på Peak Florø, som består av mange bedrifter med felles lunsj og aktivitetar.
  • Mange spennande prosjekt som Aksello driv. Eit av dei er FloraU40 som er eit tilbod for alle som flyttar til Florø og omegn kor ein har faglege og sosiale samlingar og kjekke aktivitetar for at du skal bli godt kjend og trivast her hos oss.

I Aksello jobbar vi for å hjelpe næringslivet med å nytte seg av dei rette verkemidla for å nå sine mål. Vi skal til ei kvar tid ha oversikt og kunnskap om kva støtte og ordningar som passar for utvikling for både heilt nye bedrifter, men òg for etablerte bedrifter som skal utvikle nye grøne arbeidsplassar. Sentralt i dette ligg også å kommunisere kva vi gjer, og å nå ut til både næringsliv, myndigheiter og investorar med god informasjon om våre tenester, program og prosjekt. Ikkje minst handlar det også om fortelje dei gode historiene frå gründerar, bedrifter og kommunar som nyttar våre tenester og verkemiddel.

Vi er fire tilsette, og leiger i tillegg inn eksterne ressursar på rådgjeving og prosjektleiing etter behov. Her kan du sjå kven vi er! Du vil jobbe tett saman med resten av teamet i Aksello, og bli godt kjent med verkemidla vi tilbyr og resten av aktørane som støttar næringslivet i vår region og i landet for øvrig. 

Arbeidsoppgåver:

  • Innhaldsproduksjon
    Ta bilete, produsere tekst, intervju og artiklar knytt til arrangement og aktivitetar kring arbeidet til Aksello
  • Sosiale medium
    Sørge for at innlegg sosiale medier er oppdatert, aktuelle og vert nytta føremålstenleg
  • Digital marknadsføring
    Ta ansvar for marknadsføring for Aksello som selskap, samt aktuelle hendingar og nyhender. Dette gjeld også design av reklamemateriell, DM, presentasjonsmateriell, brosjyrer og utforming av nettsida m.m
  • Kommunisere med og invitere våre nettverk via telefon, epost, nyhetsbrev og nettside
  • Bidra til å planlegge og gjennomføre arrangement
    Dette inneberer administrative oppgåver kring arrangement og møteplassar, samt dialog ut mot aktuell målgruppe
  • Stillinga vil også by på spennande oppgåver knytt til våre prosjekt og arbeid kring Aksello sitt inkubatorprogram

Jobbkvardagen hos oss er variert, og vi håpar at det er ein av grunnane til at nettopp du vil trivast hos oss. Aksello er ein trygg, travel og inspirerande arbeidsplass, for deg som likar tempo, variasjon og næringsutvikling. Vi gler oss til å sjå din søknad!

Dette er oss

Aksello er programoperatør for inkubatorprogrammet og driv i tillegg fleire store og små prosjekt for næringsutvikling i små, mellomstore og store bedrifter. Aksello jobbar og målretta for kompetanseauke i næringslivet og bistår kommunar med berekraftig nærings- og samfunnsutvikling. Vi arrangerer mange møteplassar for næringslivet, og vi deltek der det skjer.

Vi i Aksello fokuserer på å ha kunnskap og kompetanse på dei områda næringslivet treng for å kunne omstille seg og utvikle nye berekraftige arbeidsplassar, spesielt innan verkemiddelapparatet og det offentlege støtteapparatet. Vi hjelper heilt nystarta bedrifter i å lykkast med etablering, vi hjelper etablerte bedrifter med å omstille og utvikle nye arbeidsplassar og vi bidreg til å skape grobotn for berekraftig næringsutvikling.

Les meir om oss her. 

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.

Aksello AS  Kulturbilde