Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: IT | Digitaliseringsdirektoratet | Sogndal | Trainee |
Du søker traineestilling hos Digitaliseringsdirektoratet, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
Møt Daniel og høyr kvifor du bør søke på traineestillinga hjå oss.
Digdir er regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. I vår avdeling har vi eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale fellesløysingar, som mellom anna ID-porten, digital postkasse og eInnsyn.
No ser me etter ein trainee med kunnskap og interesse for teknologi, som vil ivareta løysingane våre og gi støtte til nye og eksisterande kundar.
Hjå oss får du jobbe med den daglege forvaltninga av samfunnskritiske fellesløysingar og oppfølging av over 1600 offentlege verksemder og deira leverandørar. Dette er verksemder som mellom anna Skatteetaten, Nav, Statens Lånekasse, Helsedirektoratet og kommunar.
Typiske arbeidsoppgåver for deg som trainee:
Arbeidsoppgåvene blir tilpassa deg.
Du har IT-fagleg utdanning, gjerne innan IT-drift, systemutvikling, informasjonsteknologi eller informasjonsbehandling. Me ser etter deg som er omgjengeleg, løysingsorientert og engasjert, og som ynskjer å bidra til ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Me er framoverlente, nysgjerrig på ny teknologi og serviceorienterte. Det ynskjer vi at du og er. Hjå oss vil du jobbe både sjølvstendig og saman med andre.
I tillegg til spennande faglege utfordringar kombinerer me fleksibel arbeidstid med fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø.
Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn og Leikanger ein attraktiv stad å bu.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.