Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Drift og leiing | Fjord1 AS | Kinn | Trainee |
Du søker traineestilling hos Fjord1 AS, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
Går du med tankar om å bli leiar ein gong? Vi ynskjer å bidra til di leiarutvikling! I vår driftsorganisasjon sit du midt i hjartet av Fjord1, og får ein unik moglegheit til erfaring i ei leiande rolle i eit framtidsretta selskap.
Våre operative leiarar har, saman med bemanningskoordinator, teknisk inspektør og skipsførar, ansvaret for å drifte fartøysporteføljer på best mogleg måte. I denne stillinga vil du få følgje våre leiarar og delta i mange ulike oppgåver, slik som budsjettering, HMS, bemanning, rekruttering, rapportering, diverse møter, presentasjonar, dagleg drift, personaloppfølging og utvikling av vårt styringssystem.
I Fjord1 skal vi arbeide planmessig og strukturert, men innafor drift må ein også trivast med ad-hoc prega oppgåver. Du må like at det er litt action i kvardagen, og ha evne til å snu deg rundt. Reiser til spennande prosjekt og fartøy må også påreknast.
Blir du vår neste kollega? Vi ynskjer å vere opne for kva kompetanse som finst i marknaden, og vil tilpasse stillinga til den rette kandidaten.
Du blir del av eit team som er bygd på kjerneverdiane godt humør, open og ærleg, påliteleg, lønsemd, samhandling og stoltheit. Vi trur på den positive effekten av godt humør. I Fjord1 skapar vi ein arbeidskultur der smil og entusiasme trivast.
Vi set stor pris på open kommunikasjon og ærlege tilbakemeldingar, dette skapar tillit både internt og eksternt. Vi er opptekne av å dele tankar og idear fritt. Vi tar pålitelegheit på alvor og drivast av å levere kvalitet i alt vi gjer.
For å lukkast må vi ha smarte strategiar, god lønnsemd og effektiv drift slik at vi skapar rom for vekst og utvikling. Teamarbeid er avgjerande for vår suksess, og vi samarbeidar på tvers av avdelingar og fagområde. I Fjord1 er vi stolte av arbeidet vårt og den betydinga vi har i samfunnet og det grøne skiftet.
Fjord1 er verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden. Fjord1 har dei siste åra bygd og sett i drift nær 40 høgteknologiske el-ferjer som svara på moderne klimakrav med lågutslepp. Fjord1 har gjennom dette arbeidet blitt verdsleiande i ferjebransjen og står heilt i teten for elektrifisering av dei norske fjordane. Viste du også at Fjord1 skal starte opp med autonome ferjer på sambandet Lavik-Oppedal? Det betyr at vi skal være med på å utvikle ny teknologi til heilautonome ferjer.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.