Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Økonomi | Fjord1 AS | Kinn | Trainee |
Du søker traineestilling hos Fjord1 AS, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
Som trainee i Fjord1 vil du få eit år med spennande oppgåver og moglegheit til å utfordre både deg sjølv og oss.
«Traineeåret ga meg sjansen til å prøve ulike områder innan fagfeltet mitt. Eg fekk arbeide på tvers av organisasjonen, og eg fekk tidleg ansvar. Det var både utfordrande og lærerikt, og eg lærte mykje om kva eg trivst å jobbe med. Kompetansen som eg tileigna meg i traineeåret ga meg kunnskap og erfaringar som eg har hatt god nytte av i mi vidare karriere.»
Det seier Eirin Kleiven, tidlegare trainee i Fjord1 og i dag tilsett som controller. Ho blir ein av dine kollegaer på økonomiavdelinga som er sett saman av fagområda rekneskap, finans og løn – totalt om lag 20 dyktige personar med høg fagkompetanse. Vi har ei god blanding av både kjønn, alder, fagkompetanse og selskapsansiennitet i avdelinga. I tillegg er vi ein sosial og imøtekommande gjeng med eit godt samhald og arbeidsmiljø.
Blir du vår neste kollega? Vi ynskjer å vere opne for kva kompetanse som finst i marknaden, og vil tilpasse stillinga til den rette kandidaten.
Du blir del av eit team som er bygd på kjerneverdiane godt humør, open og ærleg, påliteleg, lønsemd, samhandling og stoltheit. Vi trur på den positive effekten av godt humør. I Fjord1 skapar vi ein arbeidskultur der smil og entusiasme trivast.
Vi setter stor pris på open kommunikasjon og ærlege tilbakemeldingar, dette skapar tillit både internt og eksternt. Vi er opptekne av å dele tankar og idear fritt. Vi tar pålitelegheit på alvor og drivast av å levere kvalitet i alt vi gjer.
For å lukkast må vi ha smarte strategiar, god lønnsemd og effektiv drift slik at vi skapar rom for vekst og utvikling. Teamarbeid er avgjerande for vår suksess, og vi samarbeidar på tvers av avdelingar og fagområde. I Fjord1 er vi stolte av arbeidet vårt og den betydinga vi har i samfunnet og det grøne skiftet.
Fjord1 er verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden. Fjord1 har dei siste åra bygd og sett i drift nær 40 høgteknologiske el-ferjer som svara på moderne klimakrav med lågutslepp. Fjord1 har gjennom dette arbeidet blitt verdsleiande i ferjebransjen og står heilt i teten for elektrifisering av dei norske fjordane. Viste du også at Fjord1 skal starte opp med autonome ferjer på sambandet Lavik-Oppedal? Det betyr at vi skal være med på å utvikle ny teknologi til heilautonome ferjer.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.