Trainee: VA-ingeniør Bilde

Er du vår nye ingeniør for vatn og avløp?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: VA-ingeniør Gloppen kommune Gloppen Trainee
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Torbjørn Brandsæter
45226186

Søknadsfrist

1. april 2024

Du søker traineestilling hos Gloppen kommune, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

På Sandane i Gloppen kommune er vi i gang med å bygge opp eit sterkt fagmiljø som skal følge opp byggesak og spreidde avløp i heile Nordfjordregionen. Til dette arbeidet søker vi no ein VA-ingeniør. Som trainee vil du som del av jobben delta på kjekke samlingar med andre traineear i fylket, og få ekstra oppfølging i form av eit solid utviklingsprogram og personleg mentor.

Kvifor søke hos oss?

Vi tilbyr ei spennande stilling i eit triveleg arbeidsmiljø, der du får moglegheit til å bidra til samfunnsutviklinga i Nordfjord, hindre unødvendige utslepp og sikre godt vassmiljø i kommunane. Du vil få ein variert kvardag med både kontorarbeid og fysiske tilsyn, i tillegg til fleksibel arbeidstid. Og du vil bli kjent med folk og bransjen i heile regionen. Her vil du ha store moglegheiter for å utvikle deg både fagleg og personleg.

Du vil jobbe saman med leiar for avdelinga, ingeniørar, jurist og miljørådgjevar. Saman vil de jobbe for å betre kvaliteten på vatn og miljø og bidra til tryggleik og god byggteknisk utføring av byggeprosjekt.

Dette vil du gjere:

Som VA-ingeniør vil du utføre tilsyn med spreidde avløp og saman med dei andre faga ha ei viktig rolle i å sikre gode vassmiljø i regionen. Typiske arbeidsoppgåver vil vere:

  • Gjennomføre tilsyn med spreidde avløpssystem for å sikre at dei tekniske anlegga overheld miljøstandardar og reguleringar
  • Vurdere og dokumentere avløpsanlegg, og gi råd om nødvendige forbetringar
  • Samarbeide med lokale myndigheiter og eigarar av avløpsanlegg for å fremje beste praksis og miljøomsyn
  • Rapportere avvik og bistå i å finne pragmatiske løysingar innanfor krava
  • Delta i prosjektarbeid og opplæringsaktivitetar innanfor fagområdet

Vi håpar at du er engasjert og motivert til å bidra til betre miljøforvaltning og berekraftig samfunnsutvikling, at du tek initiativ og ikkje minst at du likar å lære. Ettersom arbeidet vi gjer vil finne stad i ulike kommunar i regionen, har du behov for førarkort på personbil.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning som ingeniør eller fagskuleingeniør
  • Fordel med kjennskap til VA-reguleringar og tekniske standardar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Kva skjer i Gloppen?

Såg du «71 grader Nord team» i fjor? Då har du garantert sett mykje av den flotte kommunen vår. Det var her kjendisar som jegertvillingane, hockeygutta, Jorun Stiansen og Alejandro Fuentes mellom anna sykla på sti ned frå Haugsvarden og rodde i båt over Ryssfjorden. Friluftslivet er godt tilrettelagt for aktivitetar sommar som vinter og vi har sterke miljø for både idrett og kultur, med alpinsenter, langrennsløyper, idrettshall, symjehall, kino og konsertsal. Ikkje minst ligg flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – i Gloppen, og det er enkelt å kome seg til andre delar av fylket og landet. Vi håpar å sjå deg her!

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.