Trainee: Kommunikasjon og marknadsføring Bilde

Starte kommunikasjonskarrieren med ein variert og spennande jobb?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Kommunikasjon og marknadsføring Havyard Leirvik AS Hyllestad Trainee
Havyard Leirvik AS  Logo

Havyard Leirvik AS

Bøfjordvegen 260
6953 Leirvik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Anette Traa
994 05 359

Søknadsfrist

15. mars 2024

Du søker traineestilling hos Havyard Leirvik AS , men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Har du eit godt auge for detaljar, ser det store bildet og kan skrive bra? Tek du utfordringar på strak arm, og ynskjer ein variert arbeidsdag? Kan dette passe deg, så har du no ei unik moglegheit til å være med oss på ei heilt fantastisk reise både i inn og utland.

Havyard har fått nye eigarar, og med det følgjer både vekst, store endringar og nye behov. Og vi treng DEG med på laget!

Vi skal vekse, bli meir synlege og vise fram endå meir av både det vi driv med, kven vi er og det vi kan tilby. Du vil få gode kollegaer, eit godt arbeidsmiljø å jobbe i, og ein arbeidsdag du neppe vil gå lei av.

Her står kjekke oppgåver i kø med både video, bildetaking og sosiale sammenkomstar, så det er ein fordel om ein er kjapp på avtrekkaren. Samstundes er det fint om ein ikkje lir av flyskrekk, ettersom det kan bli reiser i både inn og utland.

Likar du det maritime så er det sjølvsagt ein fordel då vi har lange og sterke tradisjonar innafor skipsbygging. Du treng ikkje å kunne navigere på sjø, men det er ein fordel å kunne handtere marknadsprosjekt parallelt både mot babord og styrbord.

Som trainee innan marked og kommunikasjon vil du få ei betydeleg rolle i det å gjere oss til eit fyrtårn i den maritime marknaden, og i lag med oss være ein bidragsytar for å behalde eit godt arbeidsmiljø.

Oppgåver du vil ha hos oss:

  • Sosiale medium
  • Innhaldsproduksjon
  • Digital marknadsføring
  • Planlegge diverse messer og arrangement
  • Kampanjearbeid

I tillegg kan det hende du blir involvert i utarbeiding av nye kurs, til dømes HMS-kurs.

Spørsmål?

Kontakt Anette Traa på 994 05 359/anette.traa@havyardleirvik.no eller Silje Smådal på 99160114/silje.smadal@havyardleirvik.no.

Arbeidsstad: Bøfjordvegen 260, 6953 Leirvik i Sogn.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.