Trainee innan prosjektgjennomføring Bilde

Vil du jobbe med det nyaste innanfor maritim teknologi?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee innan prosjektgjennomføring Havyard Leirvik AS Hyllestad Trainee
Havyard Leirvik AS  Logo

Havyard Leirvik AS

Bøfjordvegen 260
6953 Leirvik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Anette Traa
99405359

Søknadsfrist

15. mars 2024

Du søker traineestilling hos Havyard Leirvik AS , men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Som trainee i Havyard lovar vi deg ein unik moglegheit til å kickstarte din karriere som nyutdanna. Med god opplæring samt utfordrande prosjekt, garanterer vi deg ei bratt læringskurve. Du vil få erfarne kollegar som mentorar som vil gi deg råd, rettleiing og støtte gjennom programmet. Rett og slett ein fantastisk start på karrieren din!

Vi er opptatt av at folka rundt oss skal ha det bra og at det skal vere kjekt å kome på jobb. Årlege sosiale samlingar er difor svært viktig og noko som står høgt hos dei tilsette her. 

Dette vil du jobbe med

I traineeprogrammet vil du få arbeide med store og komplekse prosjekt innanfor skipsbygging. Gjennom programmet vil du bli kjent med dei forskjellige fagområda i prosjekta og delta i prosjektet sine ulike fasar. Du vil opparbeida deg unik kompetanse innan maritime prosjekter og få moglegheit til å jobbe med «state of the art» skipsteknologi!

For å lukkast i Havyard vil du trenge engasjement, ein iver etter å alltid lære meir og vere målbevisst. Målet er å førebu deg for ei framtidig rolle innan prosjektleiing i Havyard og maritim næring.

Prosjekta vert gjennomført i Tyrkia og Norge og du må rekne med litt reiseverksemd.

Høyrest dette ut som noko for deg, har du her ein sjeldan moglegheit til å arbeide i eit selskap med fleire spennande prosjekt på gang og store framtidsplanar. Dette blir kjekt!

Spørsmål?

Kontakt Anette Traa, 99405359 / Vegard Skår, 46692914.

Arbeidsstad: Bøfjordvegen 260, 6953 Leirvik i Sogn.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i ett år – fra august 2024 til august 2025.