Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Utviklar | Highsoft AS | Vik, Sogndal | Trainee |
Du søker direkte til Highsoft AS på denne traineestillinga.
Søk traineestillingTil arbeidslivet, og ikkje minst som utviklar? Som trainee i Framtidsfylket vil du få ein unik overgang frå studieliv til arbeidsliv. I tillegg til jobb, er du del av eit sosialt nettverk av traineear i Framtidsfylket 💚 Me ynskjer å invitere deg til eit år fullspekka med opplevingar samstundes som du får ein kickstart på karrieren.
Me ser etter deg som er lidenskapeleg opptatt av programmering og som kan hjelpe oss å vidareutvikle våre produkt for å møte framtida. Du har studert noko programmeringsrelatert, og kanskje har du eigne hobbyprosjekt på si. Du likar å få leike med ny teknologi og ulike rammeverk, og du veit at koding kan løyse problem for fleire der ute.
🔹Høgare utdanning
🔹Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
🔹Ein kodeknekkar innan ein eller fleire av desse teknologiane: JavaScript, TypeScript, Wordpress, PHP, React, HTML & CSS.
Då er du kanskje vår neste trainee 💚
Som ein del av vårt team vil du erfare eit bredt fagleg mangfald, med moglegheit til å jobbe med både produkta i Highcharts-familien og websida vår - avhengig av interesse. I produktteamet vil du for eksempel kunne jobbe med tidlegare traineear, Marita og Gøran. Her vil du frå dag éin sette ditt preg på koden og du vil oppleve at du stadig snublar over Higchartskoden på nettet. Det er ikkje så rart når me har kunder i over 200 land, det synest me er veldig kult! På webteamet vil jobben vere å sørge for at nettsidene våre skal virke optimalt for alle rundt om i verden som besøker dei.
Uansett kva interessa er, så vil du få ta del i å utvikle ny funksjonalitet, og sikre at produkta held seg best i klassen gjennom vedlikehald og bug fixing. Me vil tilpasse arbeidsoppgåvene til din erfaring og kompetanse, og me kjem sikkert til å involvere deg i fleire prosjekt etter kvart som du blir varm i trøya.
Med deg på laget vil du få kollegaer som har lidenskap for det dei driv med. Me ynskjer at du skal bli godt ivaretatt, og du vil få din eigen Highsofter som mentor til å vise veg både fagleg og i arbeidslivet. Dei gode diskusjonane kan de ta over eit parti dart, ein tusletur i vår vakre bygd, eller ein god kaffikopp i Stova. Hjå oss skal det være enkelt å trivast!
Er du klar for å sette utviklinga i fokus og har me knekt jobbsøkarkoden? Send CV og søknad, for me gler oss til å høyre meir om deg! 🚀✨
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.