Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Økonomi, kommunikasjon eller teknologi | NAV Økonomiteneste | Sogndal | Trainee |
Du søker traineestilling hos NAV Økonomiteneste, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
Hjå oss får du ei utviklingsorientert traineestilling der du får vere med å forme stillinga sjølv. Du får jobbe frå vesle Leikanger i eit sterkt fagleg miljø. Du får nyte godt av å ha ein solid og profesjonell arbeidsgjevar, med gode moglegheiter til å skape deg nettverk i heile landet. Og du får god opplæring og ein fadder som sikrar at du finn deg godt til rette.
Vi i NAV Økonomiteneste jobbar kvar dag for å tilby effektive tenester som støttar det viktige samfunnsoppdraget til NAV. Vi har ei brei oppgåveportefølje med ansvar for både rekneskap, lønn og utbetalingar frå NAV. I tillegg er vi ein intern brukarstøtte på økonomiområdet og vi jobbar mykje med digitalisering og automatisering av økonomiprosessane. Vi kan difor tilby eit breitt spekter av økonomifaglege utfordringar, men ser også føre oss at du bidreg innan kundeservice, innhaldsproduksjon og automatisering av økonomiprosessane våre - avhengig av kva bakgrunn du har.
Primært ser vi etter økonomiutdanna, men det kan også vere aktuelt med deg som har utdanning innan medier/kommunikasjon og/eller teknologi.
Vi har eit godt kollegafellesskap som treffast både i kantina, ved kaffimaskina, på Teams og for å gå ein fjelltur saman i «trimtimen» vår. Saman med resten av NAV-bygget har vi NAV Idrettslag (NAVIL) som har felles trening, arrangement og er med på turneringar. Samlinga av store, statlege og spennande arbeidsplassar gjer miljøet i bygda unikt.
Lene (bildet) var trainee hjå oss i fjor og fekk utfolde seg på alle seksjonane våre. Ho vart ein skikkeleg allrounder og avslutta traineetida si med å rettleie kollegaene våre i NAV på spørsmål om mellom anna lønn, reiserekningar og fakturabehandling.
«Traineetida gir rom for å lære. Det har vore ein veldig fin overgang frå studiet i økonomi- og administrasjon til arbeidslivet, og fast jobb som eg no skal i gang med i Bergen. Eg er veldig glad for at eg tok denne sjansen – og angrar ikkje eit sekund», seier Lene.
Vi angrar heller ikkje. Traineeordninga ga meirsmak og vi ser fram til eit nytt år med trainee-energi på huset.
Gjengen på NAV Økonomiteneste held eit høgt tempo og bidreg inn i store prosjekt i NAV. At vi frå bygda Leikanger utgjer ein så viktig funksjon i NAV er særs motiverande. Vi er definitivt med på det som skjer i NAV – og det er ein stor fordel at jobben så lett kan kombinerast med aktivt friluftsliv ved Sognefjorden. Ikkje gå glipp av denne sjansen – bli med på laget!
Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.