Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Kommunikasjonsrådgjevar – med eit snev av HR | Sogn og Fjordane Energi | Gloppen | Trainee |
Du søker traineestilling hos Sogn og Fjordane Energi, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen. Det er samfunnsoppgåva vår. Det er nemleg sånn at vi i Noreg – og i heile verda er avhengige av meir fornybar energi om skal nå klimamåla, og vi som energiselskap er eit viktig verktøy i dette.
Det å formidle det vi driv med, skape relevans og å utvikle bodskap på ein god måte i ulike kanalar er ein viktig del av oppgåva vår. Som kommunikasjonsrådgjevar jobbar du med ulike målgruppar som er alt i frå kollegaer, lokalsamfunn, media eller styresmaktene, og du veit korleis du skal nå dei ulike. Du er nysgjerrig og ønskjer å lære mest mogleg om kva vi driv med og bransjen vår, og du tek gjerne turen ut av kontoret for å utforske. Kanskje har vi noko nytt å lære deg, og kanskje har du noko nytt å lære oss. Det som er sikkert er at vi alle i teamet er opptekne av å spele kvarande gode.
Du er i starten av karriera og har bachelor eller master innan kommunikasjonsrelaterte fag. Dersom du i tillegg har relevante HR-fag i utdanninga di, håpar vi du kan bidra litt inn mot dette fagområdet og. Du er kreativ, likar å skrive og du er god på bruk av sosiale media. Du ønskjer ein jobb med meining og du er glad i folk. Vi gler oss til å høyre meir om deg!
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.