Trainee: Prosjektingeniør Bilde

Sogn og Fjordane Energi søker trainee: Prosjektingeniør

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Prosjektingeniør Sogn og Fjordane Energi Gloppen Trainee
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Arild Bruland
911 09 397

Søknadsfrist

1. april 2024

Du søker traineestilling hos Sogn og Fjordane Energi, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Vil du bli ein del av fornybarlaget?

I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen. Det er samfunnsoppgåva vår. Det er nemleg sånn at vi i Noreg – og i heile verda – er avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. Som energiselskap er vi eit viktig verktøy i dette arbeidet.

Vi jobbar no med å planlegge bygging av eit heilt nytt vasskraftverk. Vi har og fleire andre spennande prosjekt på gang som vi gler oss til å ta fatt på – og vi ønskjer deg som trainee velkomen med på laget! Hos oss vil du vil jobbe i lag med 100 dyktige kollegaer med ulik fagkompetanse. Dei fleste jobbar ved hovudkontoret vårt i Gloppen, men vi har og arbeidslag og kontor i Bremanger og Sogn. Nokon dagar vil du jobbe med planlegging på kontoret, medan du andre dagar har arbeidsbuksa på og jobbar ute i anlegga våre med å følge opp prosjekt. Godt arbeidsmiljø trur vi du vil oppleve alle plassar.

Kven er du?

Du er i starten av karriera og har bachelor- eller mastergrad innan bygg, maskin eller elektro. Du er svært oppteken av HMS og du ønskjer ein jobb med meining. Vi gler oss til å høyre meir om deg!

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.

Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde