Trainee: Økonomi Bilde

Få ein kickstart på økonomikarrieren hos Sognekraft!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Økonomi Sognekraft AS Vik Trainee
Sognekraft AS Logo

Sognekraft AS

Røysavegen 1
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Bente Vangsnes
906 95 180

Søknadsfrist

1. april 2024

Du søker traineestilling hos Sognekraft AS, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Er du nyleg utdanna økonom med ein gnist for tal og det å gjera tala meiningsfulle? Hjå oss får du lære det alle gode økonomar bør kunne, og utforske det du interesserer deg for i faget. Som trainee vil du som del av jobben delta på kjekke samlingar med andre traineear i fylket, og få ekstra oppfølging i form av eit solid utviklingsprogram og personleg mentor.

Vi tilbyr:

  • God opplæring i økonomifaget i praksis
  • Hands-on erfaring med alle prosessar på ei økonomiavdeling
  • Kort veg til fjord og fjell
  • Hjelp til å finne bustad om du treng det
  • Gode arbeidstidsordningar, forsikringar, pensjon og lønsvilkår

Slik vil du jobbe

Hjå oss får du sjansen til å utforske det du interesserer deg for i økonomifaget. Kanskje finn du ut at du er ein økonomidetektiv? Analyser tal for å avsløra historier. Bidra til godt underlag for avgjerd og sjå korleis innsatsen din påverkar suksessen til selskapet! Lær å skape synleg informasjon. Ver med å lage rapportar som skil seg ut og gir innsikt. Du vil verte ansvarleg for å formidle komplekse økonomiske data på ein enkel og forståeleg måte til oppdragsgjevarar og kollegaer.

Eller kanskje du finn ut at du er ein meister i budsjettering? Delta i budsjetteringsprosessen og hjelp oss med å setja mål og nå dei. Bli med på utfordringa med å halda oppe økonomisk berekraft. Du får delta i pilotprosjekt som formar vegen vidare i avdelinga eller konsernet. Samarbeid med ulike avdelingar for å støtta prosjekt og sikra at økonomien er hjarta i verksemda.

Er du vår nye kollega?

Du er nyleg ferdig utdanna økonom med ei gnist for tal og for å gjera tala meiningsfulle. Når det kjem problem så dykkar du inn i utfordringar og finn løysingar. Saman med avdelinga kommuniserer de økonomisk sjargong til eit enklare språk for oppdragsgjevarar.

Aller helst ønskjer vi deg på nabokontoret i kvardagen, men vi kan vere opne for at du treng å vere andre stader nokre arbeidsdagar. Fritidstilboda har du like utanfor kontordøra – på kort tid er du ved fjorden eller på 1000 høgdemeter og kan heile året boltre deg på tallause stiar og fjelltoppar.

Må du ha nytt husvære for å vere aktuell for jobben, så kan vi vere til hjelp. Som andre i kraftbransjen har vi gode arbeidstidsordningar, forsikringar, pensjon og lønsvilkår.

Nysgjerrig eller lurer på om du er kvalifisert?

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande og konfidensiell prat med konserndirektør økonomi og finans Bente Vangsnes tlf. 906 95 180.

Er du klar for å ta det første steget i din økonomiske karriere? Send din CV og ein engasjerande søknad til sognekraft.no innan 15. mars.

Om Sognekraft

Sognekraftkonsernet er ein stor regional arbeidsplass, som ønskjer å vere med å utvikle dei flotte bygdene i Sogn. Selskapa i konsernet vårt produserer kraft, overfører straum, leverer fiber til heimar og næring og tilbyr IKT tenester. Rett og slett utviklar Sogn. På økonomiavdelinga vår er det mange flinke folk, med varierte og interessante arbeidsoppgåver. Dei fører rekneskap for alle selskap i konsern og nokre til, handlar med valuta, jobbar med investeringar og finansiering, rådgjeving og rapportering til eigarane. Når det nærmar seg jul inviterer dei oss på smalahovud eller syltelabbar.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.