Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Lærar | Solund kommune | Solund | Trainee |
Du søker traineestilling hos Solund kommune, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
«Har de vore med å tilsetje lærar-trainee?» var spørsmålet rektor stilte Framtidsfylket. Etter ei lita tenkjepause var svaret «nei». «Så flott! Då må vi prøve det!»
Vil du starte lærarkarrieren hos oss? Solund barne- og ungdomskule har om lag 65 elevar og 20 tilsette, og ligg i kommunesenteret Hardbakke med nærleik til sjø og anna kystnatur. Noko av det beste med å jobbe her er at vi har eigen skulebåt som vert nytta av både barnehagen og SFO til turar og fiske.
I august 2025 flyttar vi inn i nytt skulebygg, med arbeidsrom til alle tilsette, spesialrom og undervisningsrom til ungdomskuletrinna. Og vi får eit tidsriktig bibliotek.
Endre, digitalpedagog: – Ei stilling som vart til når Covid slo til, og har blitt vidareført hos oss. Funksjonen i stillinga har blitt til etter trong. Ein del er å fungere som ein digital vaktmester for å løyse små utfordringar som set stopper her og no, medan den andre delen alltid er fokus på utvikling. Det er kjekt at ordet "pedagog" er med, då det viser at funksjonen er langt meir enn å berre løyse problem som oppstår her og no. Fokuserer på å gi dei tilsette idear til digitale løysingar som kan skape produkt, og opplæring til elevane i korleis dei kan bruke digitale løysingar til å skape og utforske.
Kjetil, ny og ufaglært lærar: – For meg var det å begynne å jobbe på skulen veldig annleis enn det eg har jobba med tidlegare. Eg vart veldig godt motteken av dei tilsette, og vart fort sett inn i oppgåver der eg fekk delta aktivt i undervisningsopplegg og ikkje vart sittande som passiv assistent. Eg har heilt sida starten blitt oppmoda til å vurdere å utdanne meg til læraryrket, noko eg vurderer. Eg trivst veldig godt på arbeidsplassen og med mine nye medarbeidarar. Skulen i Solund er ein veldig bra arbeidsplass som kan anbefalast.
Gunnlaug, rektor: – Personalgruppa er samansett med mange år med undervisningserfaring, ulik kompetanse, aldersvariasjon og mykje vilje. Vi er ein liten skule med mange mogelegheiter samstundes som vi møter mange av dei same opplevingane som elles i skule-Norge.
Vi har varmt fellesmåltid for alle trinn. Det vert servert ulike rettar; ostesmørbrød, havregrynsgraut, taco, fiskeburger, ovnsteikt laks med poteter og salat, mm. Fellesmåltidet er organisert med 2 måltid per månad for alle trinn.
Vi får nytt skulebygg i august 2025. Det skal verte kjekt å få eit nytt å fint skulebygg! Og vi gler oss til eit nytt og fint uteområde!
Vi har fleire kjekke tradisjonar, som for eksempel Santa Lucia der 6. trinn, som har mat og helse, har ansvar for å bake Luciakaker og dele ut til medelevar, fotballturnering om våren og samarbeidet med barnehagen og fadderordninga med dei som skal begynne på skulen.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025
Solund barne- og ungdomskule sin instagram
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen. I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.