Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Nettutvikling eller digitalisering | Sygnir AS | Sogndal | Trainee |
Du søker traineestilling hos Sygnir AS, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
Ønskjer du å vera med på å utgjera ein forskjell, og legga til rette for eit samfunn som baserer seg på grøn energi? Då er Sygnir den rette arbeidsgjevaren for deg. Som eit av landets 20 største nettselskap, med 80 framoverlente og dyktige medarbeidarar, har me eit viktig samfunnsoppdrag i å rusta regionen for framtidas utfordringar og i det grøne skiftet.
Sygnir er alltid på jakt etter dyktige medarbeidarar og ynskjer å knytta til oss ein trainee til ein av fleire arbeidsmoglegheiter.
Sygnir skal investera for godt over ein milliard kroner dei neste åra, både på regional- og distribusjonsnettnivå. Det gjer at Sygnir vil dobla sine bokførte anleggsverdiar, så det er eit stort løft. Då gjeld det å gjera dei lure vala ved å utnytta ny teknologi, byggje billigare og smartare for å halde nettleiga låg og få til ein effektiv nettstruktur.
Ikkje berre skal Sygnir byggje mykje nytt nett, men me skal og ivareta ein essensiell rolle som industripartnar for ny industri som ynskjer å etablera seg i regionen. Me må vera attraktive om me skal klare å tiltrekka oss slik industri og det legg mykje ansvar på Sygnir og vår dialog med kundar og nye industriaktørar.
Det er viktig at du ser heilheita i nettet vårt og me ynskjer såleis at du blir kjend med heile organisasjonen. Difor planlegg me at du vil vera innom fleire delar av nettselskapet for å bli kjent med ulike arbeidsoppgåver, prosessar og ikkje minst kollegaene og deira sine behov. Vidare blir hovedmåla å:
For å bidra optimalt bør du vera analytisk og ha eit ynskje om å utfordra måten me tenkjer og utviklar nettet vårt på. Videre er det alltid ein fordel om du har interesse for ny teknologi, til dømes ny elektroteknologi eller datateknologi.
Sygnir ynskjer å auke satsinga innan digitalisering. Satsinga har allereie starta og eit døme på dette er at me i konsesjonsområdet vårt har bygd Norges mest omfattande LoRaWAN-nettverk. Dette legg til rette for ei datainnsamling som berre fantasien set grenser for, og utover dette har me tilgang til ei rekke datakjelder frå t.d. AMS, driftskontrollsystem, digitale verktøy m.m.
No handlar det om å bruke og strukturere desse datakjeldene, gjere data tilgjengeleg for brukarane og ikkje minst effektivisere og automatisere prosessar. Vidare er me i startfasen av proaktiv feilhandtering, eksempel på dette er at me finn feil før kunden sjølv finn og opplev feilen.
Som eit naturleg ledd i dette arbeidet jobbar me med å ta aktivt i bruk nye digitale verktøy. Spennvidda her er stor og gjeld alt i frå tradisjonell og proprietær programvare - heilt til frie program som t.d. Phyton.
For å utvikla gode løysningar innan digitalisering er det viktig at du lærer organisasjonen å kjenne. Difor vil du hospitere i ulike delar av nettselskapet for å bli kjent med arbeidsoppgåvene, prosessane og ikkje minst kollegaene og deira sine behov. Parallelt vil du jobbe tverrfagleg både internt i Sygnir og saman med Sognekraft-konsernet for å løyse digitale utfordringar. Her snakkar me om anskaffingar av nye system, vidareutvikling av eksisterande system, integrasjonar samt bruk og analyse av data – med mål om å:
For å bidra optimalt bør du ha elektrokompetanse slik at du forstår straumnettet og elektrofagfolk, og kan dermed bidra inn mot eit tverrfagleg team beståande av t.d. kollegaer med IT kompetanse. Videre må du ha interesse innan datateknologi/databehandling/programvare/programmering anten sjølvlært eller med fordel gjennom utdanning.
Ta kontakt med seksjonsleiar nettutvikling Helge Morten Vangen på tlf. 951 72 599 (arbeidsområde 1 – Nettutvikling) eller seksjonsleiar nettstyring John Kroken på tlf. 907 66 994 (arbeidsområde 2 – Digitalisering, smart nett og effektivisering) dersom du har spørsmål til stillinga.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.
I Sognekraft-konsernet er me 150 ihuga medarbeidarar, som kvar dag bidreg til viktige samfunnsoppdrag rundt om i Sogn. Av desse jobbar kring 80 i Sygnir, med arbeidsstad i Sogndal, Vik, Balestrand, Lærdal og Aurland. Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Faktisk i det brattaste terrenget i Norge! Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Difor jobbar Sygnir også med å byggje ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift.
Me er med å rusta Sogn for ei framtid i det grøne skiftet!