Trainee: Business Analyst Bilde

Bli ein detektiv i dataens verden

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Business Analyst Highsoft AS Sogndal Trainee
Highsoft AS Logo

Highsoft AS

Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn, Norge
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Julia Gómez Vangsnes
481 84 030

Søknadsfrist

15. mars 2024

Du søker traineestilling hos Highsoft AS, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Me ynskjer deg velkommen til Highsoft, der data er meir enn berre tal – det er den magiske ingrediensen i vår suksessoppskrift! Det me likar aller best er å visualisere data, men det me likar nestbest er å verkeleg forstå innhaldet i dei. Me er no på utkikk etter ein trainee som Business Analyst som ikkje bare er god med data, men som brenn for å utforske dei og lære Highsoftarane meir om kva dei kan fortelle oss.

Du kjenner deg att i dette

🔹Høgare utdanning innan økonomi, marknadsføring, statistikk eller noko anna relevant

🔹Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie

🔹Du kommuniserar godt på engelsk

🔹Erfaring med å analysere data

Då er du kanskje vår neste trainee 💚

Som trainee vil du få ein unik overgang frå studieliv til arbeidsliv. I tillegg til jobb, er du del av eit sosialt nettverk av traineear i Framtidsfylket. Me ynskjer å invitere deg til eit år fullspekka med opplevingar samstundes som du får kickstart på karriera 🧑‍💻

💻 Tenkte arbeidsoppgåver

Som Business Analyst hjå Highsoft vil du spele ei viktig rolle i å samle, analysere og tolke data for å avdekke nye moglegheiter. Du vil arbeide tett med både sal, tech, marketing og innovasjon for å sikre dataens kvalitet og overvåke marknadstrendar. Dette er avgjerande for å forme våre strategiar og oppnå våre mål.

Di rolle vil og innebere å være vår trendspottar. Du vil hjelpe oss å halde oss konkurransedyktige ved å halde eit auge med konkurrentane og forstå vår marknad. Videre vil du dykke inn i kundeundersøkingar for å forstå kundepreferansar, og lære å lage prognosar for å forbetre framtidige salsresultat. Di evne til å sjå verdien i tal og sikre deira kvalitet vil vere eit solid bidrag til beslutningar.

👥 Arbeidskvardagen

Med deg på laget vil du få kollegaer som har lidenskap for det dei driv med. Me ynskjer at du skal bli godt ivaretatt, og du vil få din eigen Highsofter som mentor til å vise veg både fagleg og i arbeidslivet. Dei gode diskusjonane kan de ta over eit parti dart, ein tusletur i vår vakre bygd, eller ein god kaffikopp i Stova. Hjå oss skal det være enkelt å trivast!

Er du datadetektiven me ser etter med lidenskap for analyser, og er ivrig etter å gjere ein forskjell i et veksande selskap, oppfordrar vi deg til å søke. Bli med i teamet vårt og hjelp oss ta dei gode beslutningane. Send CV og søknad, for me gler oss til å høyre meir om deg! 🚀✨

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.

Highsoft AS Kulturbilde