Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Engineering | Brødrene Aa | Hyllestad | Trainee |
Du søker direkte til Brødrene Aa på denne traineestillinga.
Søk traineestillingBrødrene Aa søkjer ein engasjert og lærevillig trainee som vil bidra til å utvikle Brødrene Aa gjennom ingeniøravdelinga struktur og arrangement, eller rør og mekanisk.
I rolla som ingeniør i Brødrene Aa er du ein del av eit team som designar og konstruerer driftsoptimale fartøy. Vi ser etter deg som har utdanning som skipsingeniør eller rør/mekanisk ingeniør. For oss er det eit pluss om du er ein kandidat med god forståing for bruk av teknologi, har noko innsikt i klasse og myndigheitskrav innan faget du representerer, er nysgjerrig på å utvikle kompetanse og har kvalitet i din leveranse. Ansvar og forventningar til stillinga blir tilpassa din bakgrunn og erfaring, og du vil få tittel prosjektingeniør eller senior ingeniør. I teama våre finn du både nyutdanna og erfarne ingeniørar.
Du vil blant anna jobbe med:
Hos oss vil du få interessante arbeidsoppgåver og sjansen til å utvikle deg både fagleg og personleg. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø der du vil få kollegaer med lang og solid erfaring, men også ungt pågangsmot. Vi set pris på ideane dine, og du vil fort merke at det du bidrar med vil bety noko. Vi vil gi deg tett oppfølging og fagleg støtte, slik at du får ein trygg og god start på arbeidslivet.
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Brødrene Aa er leiande innan design og produksjon av energi-effektive passasjerfartøy bygd i karbonfiber. Vi er ei føregangsbedrift innan innovasjon og teknologi. Vi legg vekt på eit inkluderande og inspirerande arbeidsmiljø der kvar enkelt medarbeidar blir verdsett og får moglegheiter til å vekse.
Les meir om oss her:
Er du den vi ser etter? Send oss ein søknad der du fortel om deg sjølv, utdanninga di og kvifor du er den rette for denne stillinga. Vi ser fram til å høyre frå deg!