Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Programmerar | Digitaliseringsdirektoratet | Sogndal | Trainee |
Du søker direkte til Digitaliseringsdirektoratet på denne traineestillinga.
Søk traineestillingDigdir er regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. I vår avdeling har vi eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale fellesløysingar som mellom anna ID-porten og MinID. Framover skal vi gjera våre løysingar endå betre, samtidig som vi skal utforske alt det nye som kjem med EU sin eIDAS-lovgivning og EU-lommebok.
Me er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det!
Som trainee vil du bli kjent med og bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av heile landets befolkning – løysingar som vårt samfunn er avhengig av. Rolla di i eit av våre team vil bli definert ut frå dine kunnskapar, interesserer og våre pågåande prosjekt. I direktoratet er det eit stort utviklingsmiljø med fagleg tyngde, spisskompetanse og stort spenn i arbeidsoppgåver, noko som gir gode sjansar for å lære mykje og utvikle seg. No ser vi etter ein trainee som vil bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av dei viktigaste kundane: meg og deg.
Du har bachelor, master eller fagskuleutdanning innan IT med 0 - 3 års arbeidserfaring etter studiar. Det er viktig at du er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar. Me vil ha med oss folk som kan noko – og vil noko! Me jobbar mest med React i frontend og Java i backend, og det er derfor ein fordel om du har erfaring med det.Krav til norskkunnskap: B1
I traineestillinga får du sjansen til å kombinere faglege utfordringar med fleksibel arbeidstid. Det gir deg fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen! Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn og Leikanger ein attraktiv stad å bu.
Som trainee hos oss blir du del av Framtidsfylkets traineeprogram. Å starte arbeidslivet som trainee i gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland. Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Vi gler oss til å høyre frå deg!