Trainee: IKT Bilde

Vil du bidra til Fjord1 si teknologiske utvikling?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: IKT Fjord1 AS Kinn Trainee

Du søker direkte til Fjord1 AS på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

No kan du bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden. Dei siste åra har vi bygd nær tretti nye el-ferjer. I tillegg har vi bygd om, modernisert og tilpassa eksisterande fartøy til moderne klimakrav med lågutslepp.

Arbeidsoppgåver

Vi ser etter ein engasjert og initiativrik trainee til IT-avdelinga ved hovudkontoret vårt i Florø. Avdelinga speler ei nøkkelrolle i Fjord1 si teknologiske utvikling. Vi skal skape ein arena for utvikling og innovasjon, der systemforvaltning og IT-prosjekt koordinerast på ein god måte. IT-sikkerheit, digitalisering, forretningsutvikling, tverrfagleg samhandling og kompetanse er i fokus. Her får du vere med på å utvikle framtidas løysingar, i tett samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer.

Som trainee i Fjord1 vil du oppleve eit år med interessante oppgåver, der du får utfordre deg sjølv med støtte frå fagleg dyktige kollegaer. Vi er ein organisasjon som samhandlar og arbeider på tvers av fagområde med totaliteten av selskapet i fokus.

Kvalifikasjonskrav

  • Du er utdanna innan IT, systemutvikling, prosjektleiing eller forretningsutvikling.
  • Du har interesse for å løyse komplekse problemstillingar og forbetre både system og arbeidsprosessar.

Om deg

Vi ser etter deg som kan utfordre tankegangen vår, er nysgjerrig og lærevillig og har eit ønske om å bidra til felles mål. Du tek initiativ til nye oppgåver og bidreg til samarbeid med kollegaer. Det er ein fordel at du er strukturert og ryddig og har gode kommunikasjonseigenskaper. Om du torer å stille spørsmål og utfordre etablerte praksisar, er det noko vi set pris på.

Vi tilbyr

Som trainee i Fjord1 vil du få ein unik start på karrieren. Du vil delta i prosjektarbeid på tvers av fagområde, få breitt innsyn i bedrifta og sjansen til ansvar og å påverke. Vi vil gi deg tett oppfølging og eigen mentor, slik at du får ein trygg og god start på arbeidslivet. I Fjord1 blir du del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og vi samlast gjerne til aktivitetar på fritida. Om arbeidsforholdet er ein god match, er det gode sjansar for ein vidare karriere i Fjord1.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Krav til norskkunnskap: B1

Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.

Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fem gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.

Vil du vere med på laget?
Send inn søknaden din i dag – vi ser fram til å høyre frå deg!

Om Fjord1

Fjord1 er det leiande ferjeselskapet i Norge, med ferjetransport som kjerneverksemd. Selskapet driv og aktivitet innan passasjerbåttransport og catering. Vårt hovudkontor ligg i Florø, og her har om lag 100 personar sin daglege arbeidsplass. Vi har også regionkontor i Bergen og Molde, og totalt er vi om lag 1200 fantastiske kollegaer fordelt på sjø og land.

Fjord1 har sikra seg ein leiande posisjon i det grøne skiftet og elektrifiseringa av norske fjordar. I dei fleste anbodskonkurransar som blir lyst ut i dag er miljøkrava forsterka, og det er i stor grad krav til null- og lågutsleppsteknologi.

Fjord1 som kompetansearbeidsplass veks kvar dag - kanskje er du den neste på laget vårt?

Fjord1 AS Kulturbilde