Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: kommunikasjon | Norec | Sunnfjord | Trainee |
Du søker direkte til Norec på denne traineestillinga.
Søk traineestillingNorsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit forvaltningsorgan underlagt Utanriksdepartementet. Vi er ein dynamisk arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarar. Norec held til i Førde, omgitt av fjell og fjordar på Vestlandet.
Norec gir tilskot til internasjonale samarbeid som jobbar for å nå berekraftsmåla til FN.Over 220 organisasjonar, institusjonar og bedriftar i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg er del av det internasjonale nettverket vårt.
No ser vi etter deg som vil jobbe med kommunikasjon i ein internasjonal kontekst
Er du nyutdanna, nysgjerrig og lysten på å lære meir? Ønskjer du ein unik start på karrieren innan kommunikasjon, der du får jobbe med alt frå innhaldsproduksjon til strategisk kommunikasjon?
Norec søkjer ein kommunikasjonstrainee i eitt år frå august 2025. Dette er ei moglegheit til å lære meir om kommunikasjon i ein statleg bistandsetat, samtidig som du får innsikt i internasjonale utviklingsspørsmål og utveksling som eit utviklingspolitisk verktøy. Som trainee hos oss får du jobbe tett med dyktige og engasjerte fagfolk som brenn for faga sine.
Lurer du på korleis det er å vere trainee i Norec? Vår tidlegare trainee Ane deler erfaringane sine i denne artikkelen.
Vi søker deg som:
Norec er ein verdibasert arbeidsplass, og vi vil vektlegge personleg integritet og evne til å vise respekt for andre.
Stillinga blir lønna etter avtale innanfor statens lønnsregulativ. Lønn frå 452 700 kroner til 506 100 kroner. Lønnsplassering vil avhenge av utdanning og erfaring. Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.
Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.Difor ønsker Norec medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Har du nedsett funksjonsevne, hol i CVen eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju.
Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.
Du kan be om å bli unntatt den offentlege søkarlista. Dette må du i tilfelle grunngi. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje vert teke til følge.
Som Framtidsfylket-trainee får du:
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee: