Trainee: Samfunns- og næringsutvikling Bilde

Vil du bidra til utvikling av øyriket Solund?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Samfunns- og næringsutvikling Solund kommune Solund Trainee

Du søker direkte til Solund kommune på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Øyriket Solund ytst i Sognefjorden er kjent for sin spektakulære natur og er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land. Kommunen er i rivande utvikling med vekst i havbruk, store byggjeprosjekt og har eit inkluderande lokalsamfunn med ein spennande og variert arbeidsmarknad. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Her er det godt å både leve og jobbe.

No kan du vere med og påverke Solund si positive utvikling, og vi søker derfor etter deg som vil vere trainee hos oss i eitt år. I løpet av året vil du få brei arbeidserfaring, innblikk i administrasjonen i kommunen og utvikle deg innanfor samfunns- og næringsutvikling, kommuneplanlegging og prosjektleiing. Som ny i arbeidslivet vil du få god støtte og rettleiing frå eigen mentor, samt av gode kollegaer.

Les gjerne om vår tidlegare trainee Kristine som stortrivst i Solund – og takka ja til meir jobb etter traineeåret.

Arbeidsoppgåver

Som trainee vil du bli ein del av eit nytt og utviklingsorientert fagmiljø i kommunen. Stillinga er plassert i den nye sektoren for samfunns- og næringsutvikling, som skal fremja samspel med Solund-samfunnet og næringslivet og arbeide på tvers av kommuneorganisasjonen. Arbeidsoppgåver kan vere:

  • Samfunnsplanlegging. Bidra til utvikling av planar og strategiar for berekraftig samfunnsutvikling, friluftsliv og klima- og miljøtiltak.
  • Næringsutvikling. Utforske og iverksette tiltak for å styrke lokalt næringsliv, støtte etablering av nye bedrifter og skape attraktive arbeidsplassar.
  • Kommunikasjon. Utvikle innhaldsproduksjon for digitale kanalar, interessentdialog og mediehandtering.
  • Prosjektleiing. Planlegge, organisere og bidra i prosjekt frå idé til gjennomføring. Dette inkluderer oppfølging av framdrift, ressursbruk og samarbeid med relevante interessentar.
  • Utgreiing og saksbehandling.

Kven er du?

Du har høgare relevant utdanning på høgskule - eller universitetsnivå. Du jobbar analytisk, strukturert og strategisk og har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Utanlandske søkarar må minimum ha bestått norskprøve på nivå B2, og med god skriftleg framstillingsevne på norsk.

Vi ser for oss at du er løysingsorientert, har gode samarbeidsevner, er lærevillig, tar ansvar og viser engasjement og interesse for arbeidsoppgåvene dine. Kollegaene dine er her for deg om du er usikker eller treng hjelp.

Dette kan vi tilby

Du vil få ei interessant, utviklande og variert stilling. Å jobbe i ein liten kommune vil gi deg brei arbeidserfaring og oppgåver du elles ikkje ville fått som ny i arbeidslivet. Gode kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø vil bidra til at du kjenner deg trygg i rolla, og det er alltid rom for å stille spørsmål og be om hjelp. Du vil oppleve eit sosialt og ope lokalsamfunn som ønsker nye innbyggarar varmt velkommen.

Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, anten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. På vår BUA kan du låne det meste av friluftslivutstyr. I Idrettsparken vår finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt kult treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, kunstlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen. Vi hjelper deg gjerne med å finne bustad.

Om du klikkar på lenkja nedanfor, kan du sjå ei film om det flotte øyriket Solund: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram

Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein glidande overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium

Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august 2025 til august 2026, med moglegheit for fast stilling for rett kandidat.

Vi ser fram til å høyre ifrå deg!